| Alias | Falskt namn/kunstnarnamn: Dr. Fizban, It, Kong Tjodolf, sCouNdReL osb. |
| ASCII | Standard for elektronisk tekst. Det vanligste formatet å lagre dokument i på BBSar, av di det kan lesast av dei fleste tekstbehandlingsprogram. |
| Base BBS | Sjå BBS. |
| Basesystem | «Operativsystemet» til ein BBS. |
| Bandbreidde | Overføringskapasitet. Den maksimale datastrøm pr. tidseining i eit datasystem. |
| BBS | Bulletin Board System. Elektronisk oppslagstavle der brukarar kan (via sine datamaskiner og ein modem) utveksle meldingar og datafilar med kvarandre og basen. |
| Byte | 1 byte = 8 bit = eit teikn (eller eit tal mellom 0 og 256). |
| Chat BBS | Sann-tid tekst-kommunikasjon mellom to personar via datamaskiner over nettverk / telelinjer. Når to personar brukar «chat» vil teksten dei skriv på tastaturet kome opp på den andre sin skjerm. |
| CoSysop BBS | Folk utanom sysop som utfører administrative oppgåver ved ein BBS. |
| Cracking | Dei fleste kommersielle dataprogram er beskytta slik at programvaren ikkje skal kunne verte kopiert og brukt av andre (piratkopiar). «Cracking» er å ta vekk denne beskyttelsen. |
| Download | Hente ned fil frå ein BBS til eins eiga datamaskin. |
| Elektronisk oppslagstavle | Norsk omgrep for BBS. Den norske forkortinga «EOT», fremja av språkrådet, er svært sjeldan i bruk. |
| GB (Gigabyte) | 1 GB (Gigabyte) = 1000 MB. Sjå MB. |
| Internett | Eit verdsomspennande samling av datamaskiner og tenester som kan kommunisere saman grunna felles standardar. Meir kjende datatenester knytt til internett er WWW (World Wide Web - eit system for hypertekst-linking av dokument), Gopher, FTP, News-grupper og E-post. |
| ISDN | Integrated Service Digital Network. Digital telefonlinje som tillet transport av større datamengder enn vanlege (analoge) telefonlinjer. Krev ein særskild ISDN-modem og teleabbonement. |
| KB | 1 KB (KiloByte) = 1024 teikn. Sjå MB. |
| Komprimering | Teknikkar / program som reduserar storleiken på datafiler. |
| Konferanse BBS | Meldingsområde på ein BBS der brukarar samlast for å diskutere eit felles tema. |
| Kryptering | Teknikkar / program for å gjøre meldingar/dokument uleselege for utenforståande som ikkje har kodenøklane nytta til å kryptere meldinga. |
| Logfil | Ei tekstfil som BBS-system lagar med informasjon om aktiviteten på basen (inkl. kva brukarane gjer). |
| Melding BBS | Eit elektronisk «brev» mellom brukarar av ein BBS (privat mellom enkeltpersonar eller offentleg i konferansar). Om basen ikkje er med i eit spesielt nettverk for meldingsutveksling er meldingane vanlegvis begrensa til brukarar innanfor basen. |
| Modem | (MODulator-DEMolator) Ei boks som kan oversette digitale signal frå datamaskina til telefonsignal (som er analoge/elektriske), og omvendt. Modemar er slik ein føresetnad for å kommunisere over telefonnettet. |
| MB | (Megabyte). Mål på lagringsplass for data. Ein vanleg diskett (HD) i dag tek 1.44 MB. 1 MB (=1000 KB) tilsvarar omlag 450 A4-sider uformatert tekst (ASCII). |
| Nattbase BBS | BBS som berre har ope for innringarar nattestid. |
| News | Nyheitsgruppe. Konferansesystem på Internett. |
| Phreaking | «Phereaking» er for telefonnettet det «hacking» er for datanettet. Måtar / metodar for å manipulere med telefonnettet på (td. for å få ringe gratis). |
| Sigop BBS | Ein som har ansvar for ein eller fleire konferansar på ein BBS. Og kalla Moderator (frå Internett) eller ChatOp. |
| Sysop BBS | SYStem OPerator. Den som administrerar ein BBS. Ved private basar er dette vanlegvis synonymt med den som har BBSen i huset / eig basen. |
| Upload | Laste opp ei fil frå eins eiga datamaskin til ein BBS. |
| WWW/Web | World Wide Web. System for informasjonsformidling over Internett basert på hypertekstteknologi, der peikarar i eit dokument kan henvise til datamaskiner andre stadar i verda. Gjev og rom for andre datatypar, inkludert lyd, bilete og video. |
Det finnes mange svært omfattande ordlister på Internett, sjekk td. The Free On-line Dictionary of Computing og Yahoo si liste.