FØREORD

Det er ei lang liste med folk som kvar på sin måte har bidrege til denne oppgåva og må takkast.

Fyrst av alt kjem informantane i BBS-miljøet som gjorde oppgåva mogleg, og som alltid møtte meg med velvilje og entusiasme.

I den tidlege fasen fungerte Espen Aaarseth som ein uoffisiell og inspirerande rettleiiar. Daniel Apollon må og ha takk for å la meg få sitte eit semester på Pedagogisk Institutt og gjere dei innleiiande korrespondanseanalysene.

Særskild takk til Olav Korsnes (hovudrettleiar) og Johs. Hjellbrekke (birettleiar), som gjennom heile prosjektet har fylgd meg opp med grundige og lærerike rettleiingar.

Anne-Merete og Trine gjorde ein stor jobb med korrekturlesing i avslutningsfasen. På faget elles må spesielt Sevil, Ingrid, Bård, Leif, Lillian, Grete-Oline, Dag, Kari og Jarl Anders ha takk for godt reisefylgje.

Familia heime har bidrege med omsorg og halde ulven frå døra.

Til slutt ein takk til min bortebuande sambuar: Di ironisering over mine små kriser i arbeidet med oppgåva har berre vorte overgått av di ekte medkjensle med dei store.

Bergen, oktober 1997

Jan Fredrik Hovden


index
ropp LOGO rneste LOGO