9. AVSLUTNING

9.1 Innleiing

Tidlegare i denne oppgåva har eg gjort greie for korleis mitt ynskje om å studere norske elektroniske oppslagstavler med Bourdieu sin feltteori - og med det, korleis makt- og dominanse-relasjonar medverkar til å strukturere praksisområdet - gjennom dei innleiande analysane av det kvalitative materialet (inkl. innhaldsstudiar av BBSar og intervju med sysopar) gradvis dreia over frå å vere ein studie av brukarane av slike system til ei (mellombels) avgrensing der fokuset vart retta mot relasjonane og stridane mellom norske sysopar og deira elektroniske oppslagstavler som meir interessante for ein feltanalyse (kap. 3).

På basis av dette og ei vidareføring av det kvalitative arbeidet, vart det i kapittel 4 gjort greie for konstruksjonen og gjennomføringa av ein elektronisk distribuert survey til sysopane. På grunnlag av dei innkomne surveydata har eg så i dei siste kapittel (5-8) ved bruk av multippel korrespondanseanalyse gjort ein serie romkonstruksjonar av fem ulikskapsstrukturane som framsto som viktige strukturar i eit mogleg felt.

Eg vil no avslutningsvis - på basis av det føregåande arbeidet og ved hjelp av Bourdieu sin felt- / praksis-teori - skissere ei felthistorie for norske elektroniske oppslagstavler som kan gje meining til striden om "useriøse" praksisar drøfta i forrige kapittel, både i høve kva grupperingar den skil, kva praksisar som er omstridde og den historiske lokaliseringa av striden på dette tidspunktet i praksisområdet sin ti-årige historie.

Ei slik drøfting krev at me forlet den frose augneblinken i norske elektroniske oppslagstavler si historie som dei separate analysane i kap. 5-8 skisserer (våren 1995, tidspunktet for surveyen), og ser den statistiske distribusjonen av sysopane sine ulike bakgrunnar, haldningar og tilgangar slik dei framstår her som eit historisk produkt av eit praksisområde i konstant endring. Samstundes må me freiste å fange dynamikken i agentane sin praksis som ligg i samspelet mellom desse historisk skiftande ulikskapsstrukturane - strukturar eg i kap. 5-8 har studert meir avskild frå kvarandre.

Då min påstand vil vere at denne striden - i høve kva grupper som er i opposisjon og kva praksisar som er omstridde - mykje kan forklarast ved å syne til dei linjer av ulikskap mellom sysopane eg har funne i dei føregåande konstruksjonane, vil denne drøftinga samstundes tene som ei grov oppsummering og samanfatning av arbeidet. Til slutt vil eg på basis av dette drøfte i kva grad praksisområdet kan seiast å fungere som eit felt i Bourdieu si tyding (9.4).

9.2 Skisse av ein felthistorikk for norske elektroniske oppslagstavler

9.2.1 Dei fyrste BBSane

I kap. 3.6 antyda eg at dei fyrste BBSane (1984-85) på fleire måtar skilde seg ut i høve tidlegare bruk av datakommunikasjon i Noreg. Viktigst verkar her vere at BBSane var langt meir heterogene både på eigarsida og i høve brukarane. For det fyrste fekk ein mange nye eigargrupper - små datafirma, dataklubbar og privatpersonar - der slike system for datakommunikasjon til då hadde vore eksklusivd eigd av store bedrifter og institusjonar. For det andre hadde desse BBSane tenester som var opne for alle å bruke (og gratis), medan dei tidlegare systema var avgrensa til brukarar som var tilknytt institusjonen som eigde utstyret.

Vidare argumenterte eg med at inntoget av desse nye gruppene verkar skape eit sterkare differensiert praksisområde enn tidlegare. Ikkje berre i form av dei nye eigarane / brukarane sine sosiale bakgrunnar og sosiale baner, men og i form av nye konkurrerande prinsipp for tenestetilbyding (sal av informasjon, support / reklame for bedrifter og privatpersonar sine personlege interesser mm.). Slik verker desse fyrste BBSane markere ei rørsle bort frå den tidlegare stoda der norsk datakommunikasjon i all hovudsak var funksjonellt underlagde bedrifter / institusjonar som eit verkty både i eigarskap og bruk (3.6.5).

Når ein samanliknar desse fyrste BBSane (i kap. 3.6.2) med seinare, er det likevel klårt at denne variasjonen var svært avgrensa: Brorparten av sysopane hadde kome borti datakommunikasjon via datarelatert yrke og/eller utdanning, og det same verkar og mykje gjelde brukarane i denne tida (ibid.). Vidare framstår tenestene på desse fyrste basane å ha vore dominert av svært spesialiserte tenester (ibid.), og dette saman med den samtidige kritikken i datatidsskrift om at basane var smale i sitt innhald og lite interessante for "vanlege" databrukarar (ibid.) skapar eit inntrykk av BBS-miljøet på denne tida som ei lita gruppe personar med dels samanfallande bakgrunnar og interesser.

9.2.2 Ein sosial transformasjon

Utover åtti- og nitti-talet fann derimot stad ei omfattande omstrukturering av det norske BBS-miljøet.

1) Vekst i talet på sysopar og brukarar

For det fyrste skjedde ein sterk vekst i talet på BBSar og sysopar (frå kring 40 opne BBSar i 1987 til minst 400 i 1995), og samstundes ein sterk vekst i talet på brukarar av BBSar (3.6.3).

Som eg antyda i 3.6.4 er det nærliggjande å sjå denne veksten som fyrst og fremst knytt til den sterke og paralelle veksten i heimedatamarknaden i same perioden (over 30% av den norske befolkninga hadde tilgang på heimedatamaskin i 1995, mot 9% i 1987), som nok medverka til at stadig fleire personar var disponerte til å (potensielt) oppfylle inngangsbilletten til praksisområdet (både som sysop og som brukar), ved å 1) verdsetje tenestane på BBSane og difor sjå bruk / styring av ein BBS som ynskjeleg og 2) ha det nødvendige utstyr og kunnskap for slik datakommunikasjon301.

2) Sosial heterogenisering

Like viktig som denne numeriske auken verkar likevel vere at auken ikkje førte til ein reproduksjon av sysopane sine habitusar og sosiale banar, men tvertimot verkar ha bidrege til ei sterk sosial heterogensiering av BBS-miljøet.

I kap. 6.4.2 jamførde eg opposisjonane me fann i MKA 1 (agentane sine livsvilkår - kap. 5) og MKA 2 (struktureringa av feltgenerasjonane og agentane sine sosiale baner) med drøftinga av dei tidlege BBSane i Noreg, og antyda nokre historiske endringar til å vere:

  1. ei de-profesjonalisering av sysop-standen ved at dei eldre sysopane (i "felt-generasjons"-tyding) etter kvart har fått selskap av stadig fleire sysopar som i motsetnad til førenemnde ikkje har si primærere erfaring med datamaskinbruk frå yrkesliv og/eller utdanning, men frå datamaskiner og datakommunikasjon som ein privat hobby / fritids-aktivitet.
  2. eit auka innslag av yngre sysopar og brukarar.
  3. ei utviding av sysopane sine sosiale bakgrunnar og livsvilkår: i mitt materiale utmerkjer dei nye / unge sysopane seg med å i større grad kome frå ein allmenfagleg / akademisk bakgrunn (gjennom sine foreldre), medan dei eldre sysopane derimot er sterkare knytte til ein yrkesfagleg bakgrunn (både gjennom sine foreldre og si eiga utdanning / yrkesval).

3) Utviding av praksisområdet

Alt peikar i retning av at denne veksten av deltakarar og brukarar - saman med den sosiale heterogeniseringa av desse - skapte basis for ei gradvis utviding av praksisområdet (BBS) sine tradisjonelle grenser.

På den eine sida ser ein eit inntog av ei rekkje nye institusjonar som baseigarar (3.5.2), ma. vidaregåande skular (td. Firda BBS og IFAH-BBS), bedrifter utanfor databransjen (Aftenposten), politiske (Nei til EU) og ideelle organisasjonar (Alternativ Framtid sin Circus BBS). Samstundes skapte veksten av brukarar etter kvart ein aukande massemarknad og slik grunnlaget for "kommersielle BBSar", basar som på profesjonelt vis lever av å selge informasjonstenester til brukarane (som td. e-post). I tillegg dukka opp ei mengde norske spesialiserte BBS-nettverk302.

Dei største nyvinningane verkar likevel ikkje fyrst og fremst kome med desse nye institusjonane, men ved at dei nye sysopane ved å setje i spel sine nye sosiale baner og disposisjonar innførte nye praksisar. Kanskje mest tydleg er dette i høve innhaldet i tenestene: der dei fyrste BBSane i all hovudsak var vigsla til det ein kan kalle sjølvrefererande tenester (filer og konferansar retta mot bruk av datamaskiner og datakommuniksasjon)303, får ein seinare - i tillegg til nye spesialiserte datatenester (ma. knytt til behandling av grafikk- og musikk på datamaskiner) - òg eit stort innslag av ikkje-datarelatert materiale (som konferansar og endåtil heile BBSar vigsla til hobbyar som sjakk, rollespeling, slektsforsking og engelsk seriefotball).

Det synest klart at denne "frie omsetjinga" av agentane sine disposisjonar i praksisar avheng av to viktige historiske prosessar ved norske elektroniske oppslagstavler i åtti- og nitti-åra (i tillegg til auken i deltakarar), for det fyrste 1) auka privat kontroll over produksjonsmidla304 (ved å eige basane sjølve var sysopane friare til å fylle basane med tenester dei sjølve / brukarane fann ynskjelege meir fritt frå funksjonelle / performative krav - jfr. 3.6.5) og 2) låg kodifisering: prega av eit fråvær av institusjonelle garantiar / sperrer / reglar for adgang og posisjonar - det er ingen formelle juridiske lover for kven som kan vere sysop / BBS-brukar, og ingen krav om "attestar" for "stillingar"305. Til saman har dette gjort det det nokså rettfram for private sysopar å konvertere sine habitusar og disposisjonar til posisjonar (jfr. Bourdieu ROA 1996:226), ei konvertering, i fylgje Bourdieu, som er "particulary great when one is dealing with a position being born, still to be made, rather than one already made or established and hence capable of imposing its own norms on its occupants" (ibid. s266) - noko som i høgste grad var sant for BBS-miljøet306.

9.2.3 Differensiering og polarisering

Veksten i deltakarar og brukarar medførte slik samstundes ei sterk utviding og heterogensiering av BBS-miljøet som praksisområde, og slik auka skilnader, både i høve sysopane sine bakgrunnar (i høve deira tidlege livsvilkår, sosiale baner mm), deira kunnskapar og interesser, og basane meir allment (nyskaping i form av nye bruksområde, nye driftsformer, tenestetyper og innhald).

Men denne heterogensieringa av sysopane og praksisane skapte ikkje berre liv i praksisområdet, men og - som me no skal sjå - ei historisk stadig sterkare polarisering.

Korrespondanseanalysane og lesinga av dei passive punkta for skilnadene mellom sysopane i høve

syner at desse ulikskapstrukturane våren 1995 - produktet av dei historiske prosessane me har antyda ovanfor - ikkje er uavhengige av kvarandre, men har i stor grad samanfallande hovudopposisjonar. Eller sagt på ein annan måte: dei største skilnadene for kvar av desse dimensjonane av ulikskap mellom sysopane tenderer mot å sette dei same gruppene av sysopar opp mot kvarandre307. Når ein studerer nærare dei passive punkta si fordeling i høve kvar konstruksjon, antydar dette at dei sterkaste motsetjingane mellom sysopane langt på veg kan kan seiast å falle langs to (delvis overlappande) dimensjonar (Figur 22).

Kva er så felles for opposisjonane som fell langs kvar av desse to hovudlinjene av ulikskap mellom sysopane? Er det råd å finne fellestrekk, "underliggjande prinsipp" som kan ymte om nokre årsaker til denne sterke harmonien mellom opposisjonane?

Tek me utgangspunkt i Bourdieu sin praksisformel (jfr. 5.2.1), må sysopane sin praksis forståast som eit resultat av kombinasjonen av 1) deira habitus (deira disposisjonar for tenking og klassifisering gjeve av å vekse opp under spesifikke livsvilkår og deira sosiale bane) og 2) sysopane sine relative posisjonar i dei viktigaste ulikskapsstrukturane som strukturerar praksisområdet (gjeve ved deira kapitalsamansetjing og -volum).

Figur 22 Samanfallande hovudopposisjonar MKA 1-5. Forenkla framstilt i to hovuddimensjonar.

Merknad: Opposisjonane antyda i Figur 22 er sjølvsagt idealiserte, og eg syner til kvar av dei ovannemnde konstruksjonane i kap. 5-8 der kompleksiteten i bidraga til faktoraksane og samfallet antyda av dei passive punkta er drøfta meir detaljert.

Utifrå dette og samansetjinga av opposisjonane er det nærliggjande å tolke dei to hovudlinjene av ulikskap som skil sysopane våren 1995 som fyrst og fremst strukturert etter

1 )

sysopane / basen si plassering i høvesvis ein avgrensa eller masse-marknad

2a)

sysopar med ulike sosiale bakgrunnar (klasser) og sosiale banar

2b)

dei ulike biologiske generasjonane og kohortane av sysopar

Stridar om marknaden for kulturellt gods

I kap. 6.3.4 fann eg at ein sterk opposisjon som skil sysopane er knytt til ein pågåande strid mellom sysopane om brukarar for sine tenester. På den eine sida av opposisjonen finn ein sysopar karakteriserte ved store investeringar i sin base (både i form av pengar og tid), store mengdar kulturellt gods tilgjengeleg (filer, konferansar, nettverk mm.) og store sosiale tilgangar (brukarar, sigopar, cosysopar), medan sysopane på den andre sida er prega av eit (relativt) fråver av førenemnde tilgangar308.

Denne koplinga av mange brukarar og ovannemnde tilgangar tolka eg vidare (ibid.) som eit teikn på at nemnde tilgangar var trulege å vere viktige former for kapital i denne striden. Samstundes verkar det klart at talet på brukarar på ein BBS i tillegg til å kunne tilbakeskrivast til desse ulike tilgangane også medverkar til reproduksjon / akkumulasjon av basen sine tilgangar, gjennom dei tilgangar dei bring med seg til basen (kulturelle, symbolske og økonomiske - i form av medlemspengar, innlegg i debattane, opplasting av filer mm.).

Då denne ulikskapen - slik den framstår mellom sysopane i 1995 - føreset ein massemarknad av brukarar, verkar det klart at denne striden fyrst vart mogleg med den sterke historiske auken av brukarar av BBSar (jfr. ovanfor), og truleg og - gjeve både den sterke veksten i brukarar og basar på nitti-talet - ein polaritet som våren 1995 var på sitt sterkaste nokonsinne.

Stridar mellom "klasse-generasjonar"

Den andre hovudopposisjonen som skil sysopane er meir samansett: For det fyrste skil den dei biologisk eldre og yngre sysopane frå kvarandre. Samstundes fann eg at denne eksterne opposisjonen er nært knytt til ein intern opposisjon, nemleg tidspunktet sysopane 1) kom inn i miljøet som brukarar og 2) starta sine BBSar. Slik er dei biologisk yngste også er dei som gjennomsnittleg har vore sysop / modembrukar kortast tid (og omvendt) - jfr. 6.3.4.

Denne harmonien mellom biologiske generasjonar og feltgenerasjonar framstår kan hende som ein "naturleg" harmoni, men då det er god grunn til å tru at andelen yngre sysopar har vakse mykje dei siste åra (jfr. ovanfor), verkar denne polariteten ha vore sterkt aukande.

I seg sjølv kunne dette vere nok til å skape eit konfliktpotensiale mellom dei eldre og yngre sysopane: i høve marknadsstriden me har antyda ovanfor, ser ein at dei biologiske skilnadene fell saman med både a) ei konflikt mellom nykomarar og etablerte om posisjonar i praksisområdet309, medan b) ulikskapar i tilgangar og livssituasjonar mellom ungdom og eldre i Noreg samstundes gjev dei ulike aldersgruppene (statistisk) ulike avgrensingar og muligheiter i same striden - som me ma. har sett antyda i høve moglege økonomiske investeringar og personleg tidsbruk på basen (jfr. kap. 6.3.4).

Denne særskilde struktureringa av tilhøvet mellom generasjonane av sysopar er likevel berre halve sanninga: Viktigast her - og sentral for å forstå opposisjonane - er at samfallet mellom dei biologiske generasjonane og feltgenerasjonane samstundes er synkronisert med markante sosiale skilje - i livsvilkår (og habitusar), sosiale baner og relasjonar til praksisen. Dette medverkar truleg både til å auke konfliktpotensialet mykje samstundes som dette og gjev generasjonskonflikta ein klassedimensjon ved at dei ulike generasjonane og verkar ha ulike klassebakgrunnar.

Ikkje berre har me slik funne at dei eldre og dei yngre sysopane utgjer ein opposisjon i høve deira tidlege livsvilkår (i fyrste rekkje mellom å kome frå høvesvis ein yrkesfagleg og ein allmenfagleg / akademisk bakgrunn gjennom sine foreldre), men samfallet mellom desse skilnadene og sysopane sine datakulturelle preferansar (MKA 5) verkar og ymte om reelle skilnader i deira habitusar ved at opposisjonen mellom dei eldre og yngre m.o.t. til deira haldningar (både i kapittel 7 og 8) verkar danne eit ekko av relasjonen mellom deira livsvilkår (ein homologi): ma. ved at dei eldre i større grad er positive til meir instrumentelle / nyttefunderte praksisar, medan dei yngre ser ut til å føretrekkje praksisar som er meir kunsteriske / ekspressive i sitt innhald (jfr. drøftinga i 7.2.4).

I tillegg til skilnadene i sysopane sine disposisjonar, er det to andre moment som òg truleg bidreg til ei ytterlegare polarisering mellom aldersgruppene: For det fyrste vil eg tru at den historiske endringa av sosiale banar og aldersgrupper gjer at dei yngre sysopane og er prega av å ha ein annan relasjon (ethos) til bruk av datamaskiner og datakommuniksjon enn dei eldre, ved å vere vakse opp med dette i heimen i motsetning til å få sine primære erfaringar seinare gjennom yrke/utdanning (jfr. Bourdieu DIS 1984:65-66,72-77). For det andre har nok dei ulike sosiale banene til generasjonane, ikkje berre i høve yrke- og utdanning men og i høve deira kohortar, medverka til ulikskap i dei ulike generasjonane sine datakulturelle kunnskapar310.

9.2.4 Invasjonen av barbarar

Trass i dei åpenbere skilja som eksisterte mellom sysopane (og basane) den fyrste tida kring 1984-85 (jfr. 3.6.2), kan ein nok slik likevel karakterisere denne tidlege fasen som prega av relativ harmoni mellom sysopane sine sosiale banar og habitusar311 (samanlikna med den seinare stoda i BBS-miljøet).

Ei fylgje av den spesifikke historiske utviklinga for det norske BBS-miljøet eg har antyda - med ei strukturering av sosiale skilje og generasjonar av sysopar som gjer at avstandane i alder og kohort også er sosiale og mentale avstandar - ser ut til å gradvis ha danna basisen for ei krise i reproduksjonen av praksisområdet312: Dei unge brukarane og sysopane, med sine nye sosiale bakgrunnar og sosiale banar, nye praksisar og nye haldningar - braut den tidlegare harmonien, og må ha fortona seg frå dei eldre sysopane sin ståstad som "ein invasjon av barbarar" (jfr. Parsons 1979:208).

. . . det er alltid nye brukere som har problem med det [reglar og orden], da. De flipper helt ut, for å si det sånn. De har ikkje kontroll. Mens brukere som er litt eldre og har brukt dette her en stund, de får litt ansvar. De tuller ikkje så mye, for å si det sånn. De lager ikkje så mye problemer (ler).
JF: Kvifor trur du det gjeld dei nye?
Eh . . . koffor? Vet ikkje. De skjønner kanskje ikkje helt . . . nei, eg vet ikkje koffor. Kanskje . . . eg skjønner det ikkje. Det virker bare som de helt nye ikkje er helt gode, altså (ler). Eg klarer ikkje å svare på det. (S-4).

Det er slik neppe tilfeldig at ein allereide frå slutten av åttitalet - før dei store politiaksjonane, før den intense dekninga i dagspressa og dei politiske debattane om regulering - kan sjå teikn til ei auka kodifisering av praksisområdet ved auka bruk av regleverk for "oppførsel" og "folkeskikk" på BBSar og i BBS-nettverk (8.4.2). Dette er det nærliggjande å tolke som eit uttrykk for eit opplevd behov for å formalisere (og slik gjenopprette) det som til då hadde vore kroppsleggjort og ureflektert i harmonien mellom sysopane sine disposisjonar.

9.2.5 Kampen for å overleve

Når "presset" mot dei elektroniske oppslagstavlene slik vart intensivert frå kring 1993 og framover (8.2) var BBS-miljøet slik allereide eit polarisert praksisområde med stort potensiale for konflikt.

Sjølv om ein kan sjå teikn til konfliktar langs dei skisserte konfliktlinjene tidlegare enn dette - ma. i nettverk- og alliansebygging mellom basar/sysopar, innhalda i dei ulike nettverka sine regelverk (som aldersgrenser for sysopar og forbod mot visse kulturelle praksisar på basane) og dei evige drøftingane om "kva datamaskinmerke er best"313 - verkar likevel eit fellestrekk for desse stridane vere at dei var (samanlikna med seinare) mindre intense og relativt avgrensa. Som eg har gjort greie for i kap. 8.4 såg derimot dei politiske trugsmåla om auka ekstern regulering ut til å vere grunnlaget for ei massiv mobilisering av sysopane i ein felles strid. Til samanlikning verkar striden om brukarane berre ha omfatta visse grupper av sysopar (jfr. drøftinga i kap. 6.3.4), samstundes som slike stridar dels har vore avgrensa til teledistrikta og mellom visse basar (jfr. 3.7).

I ettertid synest det lett å sjå at trugsmåla om ekstern regulering av sysopane si verksemd var dømt til å verte oppfatta som eit grunnleggjande trugsmål mot deira verd.

For det fyrste var dei konkrete forslaga til regulering både svært omfattande og vage på same tid (jfr. Møllerhaug-utvalet si drøfting av innføring av strafferettsleg redaktøransvar og ei mogleg tvungen konsesjonsordning i kap. 8.2.2), slik at ingen sysopar kunne kjenne seg trygge for kva utfallet ville verte og kva konsekvensar dette kunne få for hans / hennar drift sin BBS.

Ein annan faktor som kan bidra til å forklare den sterke fordømminga frå så mange av sysopane av ekstern regulering i prinsippet, er at deltaking som sysop til no hadde vore regulert av uformelle grenser: ved å ha den nødvendige illusio, materielle basis og kunnskapar for å verte sysop - og slik vore basert seg på ulikskapsstrukturane i samfunnet elles. Ved sysopane var komne inn gjennom å naturleg fylgje dei føringar som låg i deira habitusar og sosiale bane, og på denne måten oppfylle inngangsbilletten utan å vere klar over at ein inngangsbillett eksisterar, må trugsmålet om ei ekstern, formell avgrensing av deltaking for sysopane ha vorte kjend "på kroppen" (bokstaveleg talt, gjennom deira habitus) som ein urettmessig inngripen i ein "naturrett"314 og eit spørsmål om liv eller død i praksisområdet - og difor massivt mobiliserande.

9.3 Seriøs eller useriøs?

Som antyda i kap. 8.4 verkar trugsmålet om sterkare ekstern regulering av elektroniske oppslagstavler ha utløyst ein kraftig indre strid om "useriøse" praksisar i BBS-miljøet, og ved fyrste augekast kan dette sjå ut som ein direkte refleksjon av debatten i pressa og i politiske debattar om "useriøse" aktørar i BBS-miljøet315. Som eg har argumentert for i kap. 8.4.2 syner likevel innhaldet i denne striden mellom sysopane ei spesifikk intern form som ikkje kan forståast direkte frå den eksterne debatten eller lovgjevinga: Ikkje berre omfattar striden praksisar som er juridisk legale (samstundes som berre visse ulovlege praksisar er omfatta, men ikkje andre), men og praksisar som ikkje har vore tema i dei eksterne debattane (som bruk av alias).

I kapittel 8 freista eg - gjennom konstruksjonen av eit haldningsrom (MKA 5) - å sjå om det var råd å finne ein struktur i sysopane sine haldningar til nokre av dei kontroversielle praksisane som oftast var omtalte som "useriøse" i miljøet - inklusive oppbevaring av erotisk materiale, bruk av alias på basen og tekstfiler som omhandla narkotika og bombeoppskrifter.

Resultatet var avdekkinga av ein sterk polaritet som delte sysopane mellom

  1. Dei som jamt over var negative til dei fleste praksisane (akse 1+)
  2. Dei som jamt over var positive el. nøytrale til desse (akse 1-)

Når eg no har funne at denne polariteten i sterk grad fell saman med dei to hovuddimensjonane av ulikskap me har funne internt mellom sysopane - mellom dei ulike "klasse-generasjonane" og deira marknadsposisjonar (jfr. Figur 22), synest dette og dei føregåande analysane av desse strukturane gje rom for fleire slutningar.

Eg trur ein kan sjå sysopane sine varierande haldningar til dei kontroversielle praksisane dels som uttrykk for ein intern klassifikasjons-strid der sysopane kjempa om å klassifisere kvarandre sine praksisar som verdige og uverdige316. Kor sterk denne striden var, kan ein få syn for ved kor vanskeleg det var å ikkje verte klassifisert, som når eg i intervjua bad sysopane om å gå i gjennom mi liste over BBSar i Bergensdistriktet og kommentere "kva type basar"317 dette var:

" . . ."7net" - det er jo en veldig seriøs base. Kristen. Veldig kristen. "7net" er et helt totalt kristent nett og. Den kjører veldig strait. Windows. "Abase" har jeg ikke vært borti. . . "Andeby" er jo 1000 beskjeder - totalt uinteressant igjen. Den er useriøs, men det er ikke noe ulovlig over den eller heller. Det er de samme som kjører Sesam - PD-butikk. "Bergen BBS" - litt det samme. Altså den er jo også veldig mye sånn derre tullebeskjeder. Sånn som [namn på sysop] - hvis du kjenner han. Han prøver å kjøre en seriøs base da, men det funker ikke, for brukerene ødelegger totalt for han. . . "Bravo BBS" -- jeg er ikke helt sikker, men hvis det er den jeg tror var det en useriøs nattbase som nå er nede. "Chain of Steel" er litt sånn elitebase. . . "Error HQ" - den er gøy. Litt sånn programmeringsbase. Det er han godeste [navn på sysop] - hyggelig fyr. . . "Far Side" - totalt useriøst sted. . . "Fischer Chess" - sjakkbasen . . . "IFAH" er den der gymnasbasen - merkelig base. "Insider" -- det er en nokså kommersiell base. . . "Solund" er vel [namn på sysop]. Drev databutikk. Grei nok - veldig seriøs base. "Sotrainbow" - en meget gammel traver. . . "The Missing Link", ja. Laksevåg. Det er en nattbase - tror den er nokså skikkelig. Sysop er nokså skikkelig.. . "Locust" - nattbase som kjører en blanding mellom seriøst og useriøst. . . " (S-3).

Denne striden må likevel ikkje forståast som eit direkte "resultat" av ekstern påverknad. Heller verkar det som at trugsmålet om ekstern regulering - ved å innføre eit (uklårt) skilje mellom uverdige og verdige deltakarar - greip inn i ein allereide eksisterande intern strid i miljøet om "retten til deltaking"318. Element av sistnemnde strid har me nok sett fleire dømer på tidlegare i analysen - jamfør ma. drøftinga av sysopane sine haldningar til "nødvendige" tekniske kunnskapar for sysopar (5.2.2) og kva som er "ekte BBSar" (6.2.7) - ein strid som ikkje treng vere medvite for agentane, men ". . . continually being performed, at every moment of ordinary existence" (Bourdieu LSP 1991a:236).

Skilnaden var no at der slike stridar før hadde vore interne i BBS-miljøet, relativt avgrensa og med små konsekvensar, medverka den eksterne politiske debatten kring "useriøse aktørar" til å auka dei potensielle vinstane og tapa knytt til kontrollen / mangelen på kontroll over desse klassifikasjonane til det maksimale: ikkje berre ei innskrenking av moglege praksisar, men og moglegheita for å ekskludere eller å verte ekskludert frå å drive ein BBS.

Det kriminelle element

Når det gjeld skiljet mellom yngre og eldre sysopar sine varierande haldningar til dei juridisk illegale praksisane i spørjeskjemaet (der dei yngre totalt sett er mindre negative til desse), er det nærliggjande å knytte dette til ein vanleg påstand i sosiologien; om ungdom som ei gruppe som er veikt integrert i samfunnet sine institusjonar, og difor mindre konforme ovanfor institusjonelle normer (jfr. Mahler 1987:59-61).

Ein kan likevel ikkje forstå sysopane sine haldningar til dei illegale praksisane - som å skaffe seg gratis teljarsteg eller oppbevaring av pornografi på basen - utan å samstundes ta omsyn til sysopane sine posisjonar i ulikskapsstrukturane og desse praksisane sin verdi som strategiar i stridane dei kjempar. Til dømes kan det å ha pornografi på basen vere ein effektiv måte å vinne mange brukarar på kort tid med liten innsats (der andre strategiar - som store økonomiske investeringar - ikkje er oppnåelege, jfr. 6.2.7), og gjennom gjennom ratio og medlemspengar for desse styrke basen sitt tilbod og av anna kulturellt gods319.

For å forstå skiljet mellom sysopane sine motståande haldningar til dei legale praksisane (som bruk av alias), er det nærliggjande å drage inn polariteten eg fann innbyrdes aldersgruppene i synet på mindre kontroversielle datapraksisar (som programmering og bruk av musikkprogram) i kap. 7.3. Som me hugsar vart dette dels forstått som variasjonar i ein (spesialisert) kulturell smak i Bourdieu si tyding (ibid.), då sysopane si varierande identifisering med / avstandstaking til slike praksisar var knytt til variasjonar i deira livsvilkår og sosiale baner (og slik og truleg: deira habitus) - jamfør Figur 22.

Slik framstår den interne striden om "useriøse" praksisar / sysopar mellom dei eldre og yngre sysopane som ha trekk av ein klassestrid mellom fraksjonane320, der striden og handlar om retten til sine disposisjonar, "å vere den ein er". Å kalle det primært ein klassestrid vert likevel feil. Me kan ikkje redusere ein praksis til utslag av ein isolert dimensjon av ulikskap, men tvertimot må sjå praksisane som strukturerte gjennom samspelet av alle dei ulikskapskapsstrukturane - inklusive mentale strukturar (i disposisjonar) - som samstundes strukturerar praksisområdet321.

Marknad

Det står då att å forklare kvifor polariteten mellom "seriøse" og "useriøse" praksisar og ser ut til å harmonere med sysopane sine ulike marknadsposisjonar (den horisontale opposisjonen i Figur 22).

På den eine sida skil denne opposisjonen òg dei yngste og dei eldste sysopane (om ikkje så sterkt - jfr. drøftinga av akse 1 og 2 for MKA 2 i kap. 6.3.3), og truleg dels av dei same årsakene som drøfta mellom "klasse-generasjonane" ovanfor. Dessutan er det mogleg at det vart opplevd som spesielt viktig å vere på "rett side" for dei sysopane som kjempa om massemarknaden, anten det var med mål om økonomisk eller symbolske gevinstar, då dei har investert meir (av pengar, matriell, tid mm.) og slik difor har meir å tape (td. basar drive som lutelag). Endeleg er det mogleg at me her ser ein type distinksjon-effekt à la den eg drøfta i analysen av sysopane sin datakulturelle preferansar i kap. 7.3.6.

Alliansar og styrketilhøve

Som me har sett verkar den interne striden om "useriøse" praksisar dels finne stad gjennom gruppe- og organisasjons-danning for/mot regulering, og dels gjennom bruk av regelverk på basar og i BBS-nettverk, der medlemer i nettverket og brukarar av basar kunne ekskluderast på basis av visse "useriøse" praksisar (ma. gjekk bruk av alias ofte att på forbodslista - jfr. td. IceNet sitt regelverk punkt 3.1 i vedlegg A 4.).

Gjeve trugsmålet om ei komande lovregulering, var nok desse interne styrkeprøvene mindre viktige enn dei ulike fraksjonane sin kontroll av den eksterne debatten. At polaritetane mellom sysopane mykje var knytt til skilnader mellom dei biologiske generasjonane, dei eldre mot dei yngste, medverka antakeleg mykje til å avgjere styrketilhøvet.

For det fyrste, ved at klassifikasjonane (dei "useriøse" praksisane / sysopane) vart kopla til ein biologisk forskjel (alder), vart det mogleg å gje klassifikasjonen vekt som ein "naturleg" skilnad322, etter same logikken som sosial "kjønning" på basis av skilnader i genitalia (Jfr. Bourdieu DIS 1984:475-478). Ein fekk på denne måten ei kopling av praksisområdet sine eigne klassifikasjonar, med opphav i på interne konfliktlinjer ("useriøs"), med eksterne sosiale kjennemerke (ung alder) som kunne dra vekslar på allmenne negative klassifikasjonar tillagt ungdom i samfunnet elles (og ein strukturell homolog variant av tydinga "useriøs" vart tillagt i BBS-miljøet): som "ufullstendige vaksne", uerfarne, umodne.

Dette, saman med deira svært ulike eksterne ressursar verkar ha gjeve dei eldre sysopane tilnærma monopol på kontrollen over den eksterne diskursen.Dels er dette eit inntrykk som går att frå sysopane sine forteljingar om deira erfaringar med dagspressa:

"Pressen blir jo brukt den. (ler). Problemet til - eg holdt på å si motparten - er det at de ikkje har kontakter og ikkje klarer å bruke pressen . . . Så folk som foreksempel vil ha innført regler - no er ikkje eg av de mest ekstreme egentlig, for å si det veldig enkelt (ler) - de kan bruke pressen veldig lett også fokusere på BBS-miljøet. For data og sånt, ovenfor pressen - det er litt sånn, kva skal en si . . . det er litt overnaturlig endå. Alt kva som kan gå an. Det er en god historie . . . så pressen er blitt brukt veldig mye." (S-1, 35 år)

". . . vi har jo stått fram i media en del ganger, men det har alltid vært på pressen sine premisser. Vi har ikke fått styrt hva vi sier. Det er de som styrer hva som er blitt sagt. . . Og då var det han her journalisten - [namn] - som sa at no skulle vi få anledning til å stå fram med vårt syn på saken. Presentere hva vi egentlig drev med. Og der - så har vi en lang samtale med han - han virker veldig vennligsinnet og veldig interessert i hva vi sier til han. Veldig enig i alt vi sier, skjønner fullstendig kva grunnlag vi driver på. Og så opner vi avisen og ser overskriften [narkotika og satanisme]" (S-2, 20 år).

Ikkje uventa så verkar dei fleste av alliansane mellom sysopar og "utanforståande" med mogleg makt til å påverke utfallet av lovreguleringa ha vore knytt av dei eldre sysopane (og då tilsynelatande fyrst og fremst dei store BBSane) - som i Kulturdepartementets samarbeid med "de seriøse aktørene" (kap. 8.2.2). Som i høve dei eldre sysopane sine reaksjonar på endringane (ovanfor), er det nærliggjande å tolke desse alliansane dels som eit utslag av323

  1. Homologiar mellom dei eldre sysopane sine posisjonar, generasjonar og disposisjonar som gav basis for "naturlege" alliansar med orthodoxe og dominerande grupper i det politiske/juridiske maktfelt.
  2. Felles sosiale baner og venskap: Ikkje uventa - gjeve tyngda av dei eldre sine sosiale baner som "profesjonelle" datafolk, og slik moglege felles disposisjonar og eksisterande nettverk av kjennskap og vennskap - verkar spesielt kontakten med databransjen vere sterk.

I sum framstår slik dikotomien "useriøs / seriøs" våren 1995 mykje som resultat av ei vellukka (historisk) totalisering av disposisjonane og posisjonane til dei dominerande (eldre) sysopane, på bekostning av spesielt dei yngste sysopane, som måtte kjempe for å "vere den dei var" og for legitimiteten til sine praksisar (og dermed sine disposisjonar, sosiale bakgrunn, sosiale banar mm).

Eit svært viktig poeng her er at ein likevel ikkje må tolke dei eldre sysopane sine reaksjonar på "invasjonen" som uttrykk for ein type taktiske manøvrar eller endåtil ein konspirasjon, men som eit resultat - ei "stille orkestrering" som Bourdieu kallar det - basert på deira ovanemnde felleskap i habitusar og praksisområdet sine ulikskapsstrukturar som gjorde liknande handlemåtar (statistisk) sannsynlege, utifrå deira personlege haldningar, kjenslar og posisjon i strukturane av ulike ressursar - utan at dette trong å planleggjast eller samordnast på ein medviten måte324.

9.4 Eit felt?

Er det då teikn på at norske sysopar/BBSar - i den avgrensinga eg la til grunn etter den innleiande feltanalysen i kap. 3.7 - våren 1995 fungerte som eit felt i Bourdieu si tyding? På basis av drøftinga i dette kapittelet av striden om "useriøse" praksisar og korleis dei ulike ulikskapsstrukturane samverkar, meinar eg svaret er delvis ja.

Ikkje berre har avgrensinga av feltanalysen og konstruksjonen av forskingsobjektet gjeve opphav til eit praksisområde som er sterkt differensiert og polarisert, men me har og funne sterke felles stridar som dei fleste agentane verdset og deltek aktivt i (fyrst og fremst om klassifikasjonen "useriøs", men og ein meir avgrensa strid om marknadar for deira tenester). Vidare peiker og den historisk prosessen av auka differensiering og sjølvstendiggjering av BBSar frå tidlegare bruksområde av datakommunikasjon i ei slik retning (kap. 3.6).

I drøftinga av striden om "useriøse" praksisar ovanfor, har me vidare funne at sysopane sine praksisar ansynes dette og innhaldet i klassifikasjonane ikkje kan forståast ved å direkte samhalde dei med eksterne variablar åleine (alder, klasse, tilgangar som inntekt mm.), men me må og ta omsyn til BBS i Noreg som eit praksisområde med ein viss autonomi: me må og i analysen ta med korleis desse praksisane er reflekterte og strukturerte av dei interne strukturane av ulikskap eg har skissert - den sterke struktureringa av sysopane i "klasse-generasjonar", og deira basar sine posisjonar i marknaden for BBSane sine tenester. I tillegg krev analysen ei forståing av korleis desse ulikskapsstrukturane har endra seg (jfr. 8.4.2) - mao: me må sjå BBS i Noreg som eit praksisområde med ei særskild historisk utvikling.

Når det gjeld spørsmålet om graden av feltet sin autonomi, er dette eit svært omfattande og vanskeleg spørsmål å svare på. I fylgje Bourdieu er eit felt sin autonomi dels gjeve ved i kva grad det er i stand til å forkaste eksterne krav og berre adlyde den interne logikken i feltet:

"The degree of autonomy of a field may be measured by the importance of the effect of translation or of refraction which its specific logic imposes on external influences or comissions, and by the transforming, even transfiguring, effect it has on religious or political representations and the constraints of temporal powers . . . the degree of autonomy can also be measured by the strength of the negative sanctions (discredit, excommunication, etc.) inflicted on heteronomous practices . . ." (Bourdieu ROA 1996:220).

Trass i at me har sett fleire dømer på det Bourdieu kallar "felt-effektar" (jfr. 3.2) i sysopane sine praksisar - forkasting av "eksterne" tilgangar (jfr. kritikken av kommersielle basar som "ikkje ekte BBSar" i kap. 6.2.7 og motstanden mot ekstern juridisk regulering) og "forvrenging" av eksterne debattar (jfr. innhaldet i klassifikasjonen "useriøs" ovanfor) - framstår "det norske BBS-feltet" anno 1995 samanlikna med Bourdieu sine eigne konstruksjonar - td. det akademiske feltet i Homo Academicus (1988) eller det franske kunstfeltet i Rules of Art (1996) - som svært eit lite utvikla praksisområde med svak autonomi325.

Dette må ein klart sjå i samanheng med at det norske "BBS-feltet" - i den grad nemninga er rettvis - har ein samanlikningvis svært kort historikk (10-15 år), noko som gjer at symbolske kapitalformer og differensierings-prosessar av agentar og institusjonar har hatt kort tid til å utvikle seg (jfr. Bourdieu LOP 1990b:67). Det faktum at dei fleste sysopane har basen som ein hobby og ikkje ein jobb, bidreg truleg og til at deira tilknytning til praksisområdet i form av materielle og mentale investeringar / gevinstar er veikare enn for td. akademikarar / kunstnarar som har dette som sitt yrke. Den sterke polariseringa av aldersgruppene vil eg og vente bidreg til å svekke autonomien, då dette kan tenkjast medverke til at dei eldre sysopane i større grad identifiserer seg (og vert identifiserte eksternt) som "ansvarlege" agentar, som oppretthaldarane av storsamfunnets verdier og normer. Ei meir uklar strukturering av aldersgruppene i ulike sosiale bakgrunnar / sosiale baner kunne slik moglegens ha danna basis for sterkare interne normer (og slik: sterkare motstand og indre logikk).

9.5 Avsluttande merknadar

9.5.1 Etterord for feltkonstruksjonen

Her i 1995 stoggar min analyse av dei norske elektroniske oppslagstavlene, midt i striden sitt klimaks. Katastrofa - i den opphavelege tydinga av ordet, den avgjerande vendinga i dramaet - fann aldri stad. Det kom aldri noko lovframlegg direkte retta mot regulering av BBSar, og dei institusjonane / felta som la så sterkt press på BBSane i 1995 misste på kort tid interessa til fordel for Internett (som må sjåast i samanheng med den sterke auken i nordmenn sin bruk av Internett i tidsrommet - jfr. Figur 6).

Kanskje tydelegast er dette i dagspressa, der oppslaga om BBS frå 1995 og framover har vorte heilt erstatta med oppslag om Internett - utan at overskriftene eller problematikken har vorte monaleg endra: "DATA-PORNO FLYTER FRITT" (Dagbladet 24.3.95), "BESKYTTER BARN MOT DATA-SEX" (Dagbladet 7.9.95), "SATAN PÅ INTERNETT" (Bergens Arbeiderblad 16.8.95).

Politisk - trass i at regulering av elektroniske oppslagstavler var eit eige punkt i regjeringa si handlingsplan mot vald i bildemedia (jfr. 8.2.2) - forsvann dei mest kontroversielle og trugande sakene sett frå sysopane si side - ei spesifikk regulering av bruk og drift av elektroniske oppslagstavler - til fordel for ein meir generell problematikk om sex- og valdsskildringar i dataspel og elektroniske media326. Også i juridiske drøftingar av datakriminalitet har fokuset på Internett langt på veg redusert norske elektroniske oppslagstavler til ein fotnote327.

Samstundes har det skjedd store endringar i det norske BBS-miljøet dei siste åra. Ein ting er at fleire eksisterande og nye BBSar har etablert seg på Internett - med mange av dei same funksjonane som ein BBS - offentlege filområde, interne konferansar, meldingsområde mm. Langt meir talande er at talet på norske BBSar har gått kraftig ned på svært kort tid: frå 1995 til 1996 oppgjev "BBS-lista" ein auke frå 256 til 390 basar i Noreg, men eit år seinare - oktober 1997 - var same talet berre 120328. Desse endringane medfører nye konfigurasjonar og nye ulikskaps-strukturar, som må etterrøkjast med andre studiar enn denne. Om eg skal kome med nokre tankar ansynes dette, vil eg likevel tru at "BBS-feltet" slik eg skisserte det for 1995 i dag (hausten 1997) neppe lenger kan seiast å fungere som eit felt i Bourdieu si tyding.

For det fyrste vil eg tru at stridspotensialet er mykje redusert på desse to åra: ikkje berre gjennom nedgangen i talet på basar og (svært truleg) brukarar, men og ved at dei største kommersielle basane er nedlagde. Som me hugsar av dei ulike konstruksjonane - spesielt MKA 2 (BBSar som kulturelle institusjonar i kap. 6) - medverka desse sysopane / basane sterkt til å byggje opp mange av dei sterkaste opposisjonane me fann. For det andre vil eg tru at dette - saman med bortfallet av dei juridiske / politiske trugsmåla om regulering av norske BBSar til fordel for ein meir generell problematikk og bortfallet av avisene sitt fokus - har gjort at stridane som i 1995 medverka til å realisere spenningane i ulikskapsstrukturane i dag er sterkt reduserte og mindre samlande. Med ein noko melodramatisk ordbruk kan ein seie at "BBS-feltet" i dag framstår som eit døyande felt329.

9.5.2 Nokre refleksjonar over bruken av Bourdieu si felttilnærming

For mi eiga målsetjing og fenomen har eg funne Bourdieu si felt-tilnærming svært fruktbar, ved å ha hjulpe til å gjere ei avgrensing av praksisområdet og ein påfylgjande konstruksjon som - når ein tek omsyn til at dette er ei grov skisse av eit lite studert fenomen - gjennom drøftingane i dette kapittelet verkar ha god analytisk verdi.

Samstundes meiner eg at resultata frå bruken av Bourdieu sitt omgrepsapparat på mitt fenomen antydar det viktige både i å 1) konstruere forskingsobjektet og 2) studere ulikskap- og klasse-problematikk også ved teknologi.

Når det gjeld det fyrste, ville td. ei innleiiande avgrensing av mitt fokus til ein rein ungdomsstudie av norske BBSar (jfr. Nissen 1993 og Eckert m.fl. 1991) gjeve problem med å forstå dei yngre sin haldningar og praksisar (td. alias) som noko anna enn "naturlege" for ungdom, då desse får si meining fyrst når ein ser dei som relasjonelle til andre aldersgrupper sine praksisar og knytt til dei yngre sine (samla sett) dominerte posisjon i ulikskapsstrukturane.

Dersom ein ignorerer korleis makt- og dominanserelasjonar bidreg til å strukturere teknologiske praksisar vil eg vidare hevde at ein ikkje berre får ei mangelfull forståing av praksisen, men og at ein lett begår det ein kan kalle etnosentriske eller essensielle feil ved å tilskrive teknologien sjølv eller bruken av denne "ibuande" eigenskapar. For å gjere meir klart kva eg meiner, kan me ta opp to av påstandane drøfta i innleiinga, nemleg trua på personleg datakommunikasjon som ein egaliserande og kreativt fremjande teknologi.

Den nær mirakuløse kjensla av gjensidig forståing og egalitet, som ofte vart referert til av nye sysopar og BBS-brukarar tidlegare, må i min analyse ikkje forståast som ein direkte eller indirekte effekt av datanettverk si fysiske organisering (som fremja av "social cues"-tilnærmingar, jfr. kap. 1) eller på nokon annan måte som ein effekt av teknologien lausrive frå ein spesifikk historisk-sosial samanheng. Den tidlege harmonien må forståast som eit historisk produkt av eit møte mellom folk som har viktige disposisjonar felles grunna ein kombinasjon av sjølvseleksjon og statistiske livssjansar som gjorde at ei lite gruppe habitusar, banar og oppvekstvilkår var meir sannsynlege å både kome bort i og vere motivert (illusio) for BBS-bruk. Som me såg vart konfliktar ein del av kvardagen så snart feltet vert meir heterogent (ved nye sosiale grupper sin tilgang).

Gjeve antydningane i mitt datamateriale om at det er dei med mest "akademisk" bakgrunn som òg er mest positive til "essensielle trekk i kyberkulturen": eksperimentering med identitet (alias) og teikn/symbol mm. (jfr. 7.2.6), er det nærliggjande å spørje seg om mykje av "særpreget" til "nett-kultur", slik den har vorte beskriven i ulike studiar (jfr. 3.4.3) ikkje kan førast attende til klasserelaterte disposisjonar, då brukarane av slike system fyrst og fremst har vore akademikarar og andre med lang utdanning og/eller har foreldre med slike bakgrunnar330.

9.5.3 Kvar vart av det særeigne ved praksisområdet?

Som tidlegare nemnd (kap. 4.7.1) vart spørjeskjemaet av fleire sysopar kritisert for å ikkje fange det dei meinte var det særeigne med personleg datakommunikasjon, og noko av same kjensla vil kan hende andre sitte att med. Til dette har eg to ting å seie.

For det fyrste kan ingen sosiologisk teori fange "heile" røynda331, og formålet med denne oppgåva har då heller ikkje vore å skrive ei forteljing om "folk og daglegliv i cyberspace", men å fokusere på korleis makt- og dominanse-relasjonar har strukturert BBS-miljøet i Noreg. Dette er ikkje motseiande med ein metodologisk toleranse (jfr. Gilje & Grimen 1993:163) for at andre trekk ved fenomenet - ikkje fanga opp med mi tilnærming - vil vere av interesse for andre studiar med andre mål for auge.

For det andre: ved å slutte meg til ein vitskapsteoretisk tradisjon strakt motsett av Descartes prinsipp om "inspectio mentis" - at "dei ting som vi fattar svært klart og svært tydelig, er sanne"332 (jfr. 2.1), tillet eg meg samstundes å tvile på om dei mest fasinerande trekka ved personleg datakommunikasjon nødvendigvis er dei viktigaste og mest sentrale for ei sosiologisk analyse av makt- og dominansestrukturar ved norske elektroniske oppslagstavler på åtti- og nitti-talet. Ei slik tvil verkar særskild legitim når ein kan finne att mange av dei same førestillingane og avisoverskriftene for meir enn hundre år sidan, knytt til dåverande nye media.

I boka When Old Technologies Were New (1988), der Carolyn Marvin tek føre seg den fyrste tida med innføringa av telefonen og telegrafen kring århundreskiftet, kan ho ma. fortelje om ei tru på at teknologien kunne skape ei betre, fredlegare og meir demokratisk verd (vanlegvis synonymt med ei engelsk/amerikansk øvre middelklasseverd utvida til resten av verda), med ein ende på krig (ibid. s206) og utan landegrenser333, romansar og giftarmål over telegrafen (ibid. s71,73), sensasjonelle nye former for kriminalitet (ibid. s92) og juridiske problem (ibid. s69), angsten for moglege mentale belastningar og sjukdomar som fylgje av dei nye media (ma. folk som vart sinnsjuke av telefonar som ringde eller sjuke av elektrisk lys) (ibid. s132), problemet med "farleg" informasjon som kunne nå dei lettpåverkelege (i fyrste rekkje unge, lettpåverkelege jenter i borgarskapet)334, teknologanes esoteriske og ugjennomtrengelige sjargong (ibid. s63), og ikkje minst alle historiane om samtida sine "hackerar" og "wizkids" - "PL [public library] electricians", " . . .wise beyond their day and generation, but it is in the wrong direction". (Electrical Review 1886, ibid. s40).

For min eigen konstruksjon har slike "eksotiske" trekk synt seg å vere mindre relevante og strukturerande enn eg personleg hadde venta når eg tok til på studien.

Til dei som kunne ynskt seg større visjonar eller otte for personleg kommunikasjonsteknologi er det freistande å gjentake rådet frå Max Weber i Den protestantiske etikk og kapitalismens anda (1978:15): "Den som vil ha ‘visjonar’ [i samfunnsvitskapen] kan gå på kino . . og, vil eg leggje til, den som vil ha ei preike, kan gå i kyrkja."335.


Fotnotar

  1. Her må og nemnast at mykje av de spesialiserte, kommunikasjons-/datatekniske kunnskapane som var nødvendige for å ta i bruk eit modem i dag mykje er erstatta med ein "plug-and-play" teknologi der brukarane i mindre grad treng spesielle kunnskapar. Denne endringa ser ein tydelegast ved å lese eldre innføringsartiklar i datatidsskrift om modembruk (td. Andersen 1985), der dei omfattande vedlagde ordlistene - med ein spesialisert terminologi - og kan lesast som eit grovt uttrykk for barriera mellom "vanlege" databrukarar sin kunnskap og denne praksisen. Modemar har og etter kvart vorte standardutstyr på alle nye PCar.

  2. Det kan merkast at eg opprinneleg hadde eg tenkt å lage eit eige kapittel der relasjonen mellom dei største og viktigaste BBS-nettverka i Noreg skulle belysast. I tillegg til ein gjennomgang av desse si historiske utvikling (m.o.t. medlemer mm.) tenkte eg å 1) studere korleis medlemskap i spesifikke nettverk (som sysopane var bedne om å oppgje i v1:7 i spørjeskjemaet) i mitt materiale hang saman med sysopane/BBSane sine posisjonar i dei andre romkonstruksjonane, samt 2) gjere ein eigen korrespondanseanalyse av dei største BBS-nettverka i Noreg på basis av informasjonen frå desse sine regelverk (talet på medlemer - både av basar og desse sine brukarar til saman, geografisk plassering, nettet sitt formål, maskinmerke, kva typologiar av informasjon som vart utveksla i nettet, trafikk mm.). Dette arbeidet vart delvis gjort (fyrstnemnde på basis av mine surveydata, sistnemnde gjennom det kvalitative materialet og hjelp frå BBS-brukarar/sysopar i FIDO.NO.BBS-ETIKK - jfr. 3.6), men eg valde til slutt å droppe dette. Dels av di eg ikkje venta denne informasjonen ville gje opphav til radikalt nye strukturar enn dei dekt av mine andre analysar, samstundes som sistnemnde materiale synte seg svært tidkrevjande og vanskeleg å få tak i: forsøk på å lage eit oversyn av BBS-nettverk som hadde eksistert / ekesisterte i Noreg resulterte i ei (ukomplett) liste over 80 nettverk, der minst 30 av desse var norske. Ein tabell over bidrag og kart som syner korleis dei vanlegaste nettverka blant mine respondentar fordelte seg i høve sysopane / BBSane sine posisjonar i marknaden for deira tenester (MKA 2) som eg ikkje fann rom til i framstillinga er elles attgjeve i vedlegg H (tabell H 12 og figur H 1).

  3. Jamfør fotnote 118.

  4. Til samanlikning kan ein td. ta Japan, der bruk av modemar for privatpersonar var forbode heilt fram til 1985 (Rheingold 1994:213). Merk likevel at ein del av problematikken ved ekstern regulering av BBSar (og slik heile striden som mobilerte praksisområdet) er knytt til at sysopane ikkje eig og har full råderett over ein essensiell føresetnad for å drive ein BBS (og slik må reknast som ein del av "produksjonsmidla" i vid tyding), nemleg telelinjene (som sysop må leige frå Televerket og difor må forhalde seg til dei eksterne føringar / krav som ligg i dette).

  5. Jamfør artikkelen "Codification" i Bourdieu IOW 1990a:76-86.

  6. Merk at denne heterogensieringa ikkje berre må søkjast hjå sysopane / institusjonane sjølve, men og i det dialiektiske tilhøvet mellom sysopane og brukararne som ein marknad for fyrstnemnde sine tenester, der brukarane ved å etterspørje tenester - basert på deira interesser og disposisjonar - nok og medverka til ei utviding av mange BBSar sitt innhald utan at desse sine sysopar nødvendigvis var personleg disponerte for desse tenestene.

  7. Eit unnatak er MKA 4 (sysopane sine haldningar til ulike brukargrupper), som avvik frå dei andre konstruksjonane ved at den fyrst og fremst skil ut ei lita gruppe agentar frå resten - i fyrste rekkje unge sysopar som konkurerar om ein massemarknad (jfr. 7.3.5).

  8. Samanlikningsvis - med fare for overtolking av resultatet - kan me her sjå interesante strukturelle likskapstrekk mellom det seine norske BBS-miljøet og Bourdieu sine analyser av ulike kulturelle (produksjons-) felt i Frankrike. Sjå td. Bourdieu FCP 1993b:15-16 og hans kart over det franske litterære feltet kring århundreskiftet (ibid. s53).

  9. Det Bourdieu kallar ei orthodoxa-heterodoxa-konflikt: "In every field we shall find a struggle, the specific forms of which have to be looked for each time, between the newcomer who tries to break through the entry barrier and the dominant agent who will try to defend the monopoly and keep out the competition." ("Some Properties of Fields" i Bourdieu SIQ 1993b:72).

  10. Som antyda i 3.6.4 var det å vere dataamatør på slutten av sytti-talet knytt til praktisk kjennskap til dataelektronikk, medan datahobby i mi eiga ungdomstid - dei tidlege åttiåra - var synonymt med dataprogrammering og dataspel. Desse omkastande skifta i synet på datamaskinene sine bruksområde og "essensielle kunnskapar" kan ein elles få levandegjord ved å gå historisk i gjennom nokre av dei mange offentlege rapportane om EDB-utdanning i grunn- og vidaregåande skule (samanlikn td. KUD 1983-84:39 Om datateknologi i skolen med KUF 1993-94:24 Om informasjonsteknologi i utdanningen). Merk likevel at trass at fleire av informantane mine antyda (i 5.2.2) at det dei siste åra hadde kome til mange sysopar som var reine databrukarar (der databrukarar forheld seg til dataamatørar slik radiobrukarar forheld seg til radioamatørar, mao: utan å ha særleg kjennskap til eller interesse for dei meir tekniske sidene ved datamaskiner), antydar mine analyser (MKA 2) ikkje noko klart skilje mellom dei yngre og dei eldre i høve mestring av tradisjonelle kunnskapar (inkl. kjennskap til programmering). Dette er i samsvar med mi antaking (ibid.) om at slik kunnskap framleis inngår som ein viktig del av den felles inngangsbilletten til sysopane. Sjå likevel fotnote 246, der eg drøftar nokre trulege veike sider i ved indikatorane nytta i spørjeskjemaet for å måle slike kunnskapar.

  11. Det tyder ikkje at denne tida var fri for konfliktar, men at sysopane som gruppe på ein del område (i større grad enn no) hadde mange fellestrekk - i livsvilkår (og slik truleg og disposisjonar), alder, sosiale erfaringar (ved liknande sosiale banar) og datakulturelle preferansar og interesser mm.

  12. Her er det interessante strukturelle paralellar til Bourdieu si analyse av bakgrunnen for krisa i det franske universitetssystemet, ei krise som kuliminerte i studentopprørert i 1968 (Bourdieu HA 1988:143-147).

  13. Det er nærliggjande å sjå slike stridar på fleire plan: For det fyrste, som ein legitimitetsstrid om ulike former for kulturell kompetanse / disposisjonar i praksisområdet (spel vs. programmering, demo-laging vs. ikkje osb.). For det andre: Då ein vil vente at kvart datamerke vil ha systematisk ulike brukargrupper, som igjen er knytt saman korleis desse gruppene sin habitus og sosiale bane har disponert dei for visse estetiske og praktiske kriterium i val av datamaskin - spelemaskin eller ikkje, maskin for "ikkje datainteresserte" vs. ei maskin som tradisjonell føreset meir teknisk datakunnskap (Mac vs. PC), prisnivå, applikasjonar osb. - kan ein tenkje seg dette har til å skape ein statistisk harmoni mellom agentane sine disposisjonar og datamerket. Ein strid om datamerke vert slik då samstundes ein strid om debattantane eigne sosiale kvalitetar (som det å vere ung eller eldre) og legitime dispsosisjonar / kompetanse i høve personleg databruk (og vidare truleg: meir grunnleggande disposisjonar knytt til habitus / sosial bane).

  14. Jamfør slagord i BBS / Internett-miljø som "Rett til bandbredde" ("Right to bandwith").

  15. Jamfør kulturminister Kleveland sitt svar i spørjetimen 26. oktober 1994 referert i kap. 8.2.2 og utdraget frå artikkelen "Barneporno i Cyberspace" i Figur 19.

  16. Dette er på fleire måtar ein strukturell paralell til det Bourdieu (ROA 1996:230) kallar nomos i det franske kunstfeltet, ". . . principle of legitimate vision and division permitting the seperation between art and non-art, between the ‘true’ artists, worthy of being publicly and officially exhibited, and the others, condemned to oblivion by the rejection of the jury.". I fylgje Bourdieu er slike konfliktar djupast sett politiske stridar om " . . . the power of preserving og transforming the social world by preserving or transforming the categories of perception of that world." (Bourdieu LSP 1991a:236 -).

  17. Spørsmålet vart freista stilt så generelt så råd, slik at sysopane i størst mogleg grad skulle nytte sine eigne klassifikasjonar.

  18. I fylgje Bourdieu er dette ein grunnleggjande strid i alle felt: ". . . the struggle over the legitimate definition, whose stake - the word definition says it - is the boundary, the frontiers, the right of admission, sometimes the numerus clausus, is a universal property of fields" (Bourdieu & Wacquant IRS 1992:245).

  19. "JF: Å ha pornografi på ein base - kan ein sysop tene på det?
    Brukere? Får enormt med brukere. . .Men igjen - det blir jo ikke de mest seriøse brukerene som oftest.
    JF: Så du vil få mykje filaktivitet, men lite meldingsaktivitet?
    Du vil få enorm meldingsaktivitet. . .
    JF: Men du kan vel få en del program ut av det?
    Ja, du vil jo . . . hvis du har en sånn ratio . . . for hvert femte bilde du tar ned, skal du opploade et program." (S-3)

  20. Ein kan spekulere i om noko av dei unge sysopane sin beiskleik ovanfor dei eldre kommersielle basane (som eg opplevde fleire gongar) kan førast attende til at relasjonene mellom klassene var "snudd på hovudet" i praksisområdet: dei eldre dominerande sysopane - både i høve til marknad og eksterne tilgangar - var av yrkesfagleg bakgrunn, medan dei yngste (med klarast akademisk bakgrunn) var samstundes dei klarast dominerte (jfr. drøftinga av relasjonen mellom dei yngste og dei eldste sysopane - å SV vs. ä NA kvadrant - i MKA 2 i 6.3.4). Slik kan ein tenkje seg at dei yngre sysopane (med "overlegne" disposisjonar og bakgrunnar sett utanfrå) av denne årsak følte dominans-relasjonen som mindre legitim og var mindre disponerte til å akseptere ein "naturleg" underordna posisjon (enn i høve om generasjonane hadde vore meir like i sine bakgrunnar).

  21. Td. i høve bruk av alias kan me slik tenkje oss dei ulike generasjonane sine motståande haldningar til denne praksisen samstundes vere knytt til ma.

  22. a) disposisjonar knytt til sosial klasse (alias som eit utslag av dei yngre sine "akademiske disposisjonar" for unyttige / ekspressive praksisar vs. dei eldre sine "yrkesfaglege disposisjonar" for "nyttige" praksisar) - jfr. mi drøfting av skilnadene i sysopane sine preferansar for ulike datakulturelle praksisar i kap. 7.3.6.
    b) ulike sosiale baner (alias som knytt til ein spesiell ethos knytt til å ha vorte sysopar via data som personleg fritidsbruk vs. data som praktisk arbeidsreiskap) - jfr. 9.2.3.
    c) ungdom som ei gruppe i ein særskild sosial / kulturell posisjon og subjektivitet (alias som uttrykk for ungdomen sin trong for identitetseksperimentering) - jfr. Ziehe sitt syn på moderne ungdom som ei "kulturellt frisett" gruppe der eit resultat av dette veksande spelerommet er eit auka behov for slik eksperimentering (i Nygren 1988:115-119).
    d) BBSen sin posisjon i marknaden av brukarar (i høve dei dominerande brukargruppene - og slik den aktuelle marknaden - sine haldningar til alias, samt deira ambisjonar om å tilhøyre ein massemarknad på ev. kostnad av eigne disposisjonar)

  23. Som kontrast kan ein tenkje seg korleis striden ville ha vore dersom dei ulike feltgenerasjonane ikkje var klart skilde i alder, men berre i sosiale bakgrunnar og -baner.

  24. Jamfør Bourdieu HA 1988:177-179 og drøftinga av effekten av homologiar for alliansar mellom sysopar og brukarar i kap. 6.2.4-5.

  25. Jamfør når Bourdieu beskriv professorar sine reaksjonar på endringar i det franske universitetsystemet kring 1968 som " . . nothing more than the aggregated result of thousands of independent strategies of reproduction, thousands of acts which contribute effectively to the preservation of the body because they are the product of the sort of social conservation instinct that is the habitus of the members of the dominant group." (Bourdieu HA 1988:150).

  26. Samanliknar me td. dei norske BBSane med sistnemnde, framstår dei deltakande agentane (sysopane) som meir homogene (i høve breidda av deira sosiale bakgrunnar og sosiale banar), og BBS-feltet som lite differensiert i høve sine institusjonar, samstundes som det manglar dei same internt instituerte verdi-hierarkia som fyrstenemnde (i form av prisar, titlar og utmerkingar for kunstnerisk arbeid) og spesialiserte institusjonar for å reprodusere tidlegare produsentar sine investeringar og feltet si historie (som kunstskular).

  27. Jamfør Grete Faremos innlegg under storbykonferansen i Kristiansand 3. mai 1995 (Faremo 1995).

  28. Jamfør 3.3.6.2 ("Datakriminalitet og metodebruk") i NOU 1997:15 (Etterforskingsmetoder for bekjempelse av kriminalitet).

  29. Merk at dette talet inkluderar Nett-BBSar, og nedgangen slik ikkje berre tyder ei overføring av basane til Internett, men ei omfattande avvikling av BBSar. På oktoberlista 97 hadde 6 av dei 120 basane i" BBS-lista" telnet- eller http-tilgang til basen, men 5 av desse var og tilgjengeleg direkte via telefonnettet på tradisjonell måte.

  30. Når det gjeld relaterte fenomen på Internett - som heimesider, news-grupper og Nett-BBSar (BBSar som er tilgjenglege via Telnet eller WWW) - utgjer desse klart nye relasjonar av makt og dominans. Eg vil td. tru at dei BBSar som etablerar seg som WWW/Telnet-tenester i mange tilfelle vil oppleve ein svekka autonomi samanlikna med telefon-baserte BBSar. Då slike nye basar sine sysopar er avhengige av å leige diskkapasitet for sine tenester hjå større Internett-leverandørar, er det truleg at ei slik sentralisering og tap av kontroll over produksjonsmiddela vil gjere sysopane meir strukturerte av dei store tenesteleverandørane sine rammer. Ma. vil eg vente at sysopane av Nett-BBSane vil finne det vanskelegare å ignorere politiske / juridiske krav til regulering av innhaldet enn telefonbaserte-tenester, då tenestetilbydarane - om gjort ansvarlege for sine abbonentar sitt innhald - såleis vil kunne ha ei aktiv interesse av å føre aktiv kontroll/sensur av sysopane sine praksisar og innhald, medan sysopane på tradisjonelle BBSar er meir fri frå dette (ved å nytte si personlege heimedatamaskin som lagringstad).

  31. Sameleis kan me spekulere i moglege klassedimensjonar i funn frå eldre studiar av datainteresserte, som at "hackerar" er prega av eit "ekspressivt forhold til maskina" (Aune 1992:113), og som radikale individualistar med eit sterkt behov for å skille seg ut (Turkle 1984:222, Håpnes 1995:10).

  32. ". . .the sociologist can affirm that the representation which he produces through his study transcends ordinary vision without thereby laying claim to such absolute vision, able fully to grasp historical reality as such." (Bourdieu HA 1988:31). Sjå og kap. 2.2.2.

  33. Utfrag frå René Descartes Discours de la Mèthode (1637), attgjeve på norsk i Skirbekk & Gilje (1987:293).

  34. "Today the inhabitants of this planet are rapidly approximating to the state of homogenous people, all of whose social, political and commercial interests are identical. Owing to the unlimited facilities of intercommuncation, they are almost as closely united as the members of a family . . .".(Cosmopolitan 1893, ibid. s202). "It was the touch of the telephone key . . .that welded human sympathy and made possible its manifestation in a common universal, simultanous heart throb." (Scientfic American 1881, ibid. s199).

  35. "The picture that emerges from less self-conscious accounts in the professional literature is one of the burgois family under attack. New forms of communication put communities like the family under great stress by making contacts between its members and outsiders difficult to supervise. They permitted the circulation of intimate secrets and fostered irregular association with little chance of community intervation. This meant that the essential markers of social distance were in danger, and that critical class distinctions could become unforcable unless new markers of privacy and publicity could be established." (ibid 69)

  36. Eiga omsetjing.


index
forrige LOGO ropp LOGO rneste LOGO