Heilt frå byen vart grunnlagt har Bergen verka som ein magnet på omlandet. Den livlege internasjonale handelsverksemda gav arbeid til mange. Utallige vestlendingar har difor gjennom tidene søkt byen på jakt etter eit utkome.
Ganske raskt utvikla Bergen seg til ein by som mot slutten av høgmellomalderen kan ha hyst kring 7000 innbyggjarar. Denne befolkninga var heilt avhengig av tilførsler av matvarer. Kornet kom frå utlandet. Vestlandsbygdene leverte derimot mjelka, smøret, osten, kjøtet og fisken.
Me har opplysningar om livleg lokal handelsverksemd alt i høgmellomalderen. Mellomalderkjeldene gjev likevel ingen oversikt over omfanget av denne handelen og me har få spor å gå etter når me prøver å finna ut kva område som var særleg aktive i denne byhandelen.
Først på 1600-talet flyt kjeldene rikelegare, og ei av dei, ei tolliste frå 1681, er særleg veleigna til å kartleggja omfanget og den geografiske spreiinga i lokalhandelen. Med utgangspunkt i denne skal me prøva å kartleggja mønsteret i lokalhandelen på det sentrale Vestlandet.
Etter krisetida i seinmellomalderen hadde Bergen på nytt auka i omfang i første halvdel av 1600-talet. Lenge rekna ein med at Bergen mot slutten av 1600-talet hadde rundt 10.000 innbyggjarar.1 Nyare forsking tyder på at dette overslaget er alt for lågt. Giftarmålsrater og fødeselsrater peikar mot eit nivå på mist 16.000 personar på 1680-talet.2 No som før var Bergen den avgjort største byen i Noreg, ja ein av dei største i heile Skandinavia. Behovet for tilførsler av salt- og ferskvarer var difor stort.
Fersk og levande fisk er derimot ikkje nemnt i forordninga, med unntak av fersk laks. Fersk laks finn me då også i konsumpsjonslistene ved Tollboden. Anna fersk og levande fisk manglar derimot heilt.
Dette er ein alvorleg mangel når me skal prøva å kartleggja nærhandelen med Bergen. Det var nemleg stor omsetnad av fersk og levande fisk ved Torget i Bergen. Frå det nære omlandet - delar av sjøsida i Fana, Laksevåg og Åsane og dei bynære områda på Sotra og Askøy, ja heilt ned til Austevoll i sør og Radøy og Øygarden i nord - vart det ført både fersk og levande fisk til byen, den siste i fiskekister på slep etter robåten. Den direkte byhandelen frå desse nærområda vil difor vera sterkt underrepresentert i konsumpsjonslistene.
Bortsett frå på delar av Bergenshalvøya var sjøen den naturlege byvegen for dei fleste vestlandsbøndene. Difor skal me i første omgangen konsentrera oss om dei "Som med Smaae og mindre Fartøy till Wandz Indkommer", som det heiter i konsumpsjonsprotokollen for Tollboden.
Frå 1. januar til 31. desember 1681 betalte tilsaman 7378 personar konsumpsjonstoll ved denne tollstaden.5
Frå 1. januar 1681 vart det lagt toll på matvarer som vart innførde til byane.3 Rekneskapen for denne avgifta er diverre berre bevart fullstending for eit einaste år, 1681.4 Til gjengjeld får me her eit godt oversyn over dei varene som bøndene førte inn til byen. Alle typar husdyrprodukt, som mjelk, smør, ost, talg, slakt og andre kjøtvarer var avgiftspliktige. Det var også vilt som hjort, hare og rype og åkerprodukt som korn, malt og neper. Det same var eple og nøtter. Det vart også kravt avgift av fisk og fiskevarer.
Konsumpsjonstollen vart kravt opp tre stader i Bergen, ved Stadsporten, konsumpsjonshuset i Sandviken og ved Tollboden. Dei to første oppkrevjingsplassane fanga opp trafikken som kom landevegen. Ved Stadsporten vart bøndene frå Årstad, Fana, Os, dalføret inn mot Arna og delar av Samnanger stoppa. Ved konsumpsjonshuset i Sandviken måtte bøndene frå Åsane betala konsumpsjonstollen sin. Mjelk var viktigaste handelsvara for bøndene som kom landevegen - fersk mjelk frå dei næraste gardane - sur mjelk frå gardar som låg lenger borte, men det vart også omsett noko smør og slakt.
"Anders Kleppe", som 24. oktober betaler 18 skilling i konsump-sjonstoll for dei tre saueskrottane han har med seg i båten, kan koma frå kven som helst av dei 16 gardane med dette namnet frå Rogaland i sør til Sunnmøre i nord.6
Bønder frå gardar med meir særeigne namn kan lettare kartfestast. Når Niells Hundvind står oppført med skilling for to saueskrottar 18. november, veit me at han må vera busett på garden Hundvin i Lindås. Det er den einaste garden med dette namnet i heile landet.
Ved hjelp av gardsnamn, kombinasjonen av gardsnamn og personnamn og andre indikasjonar - slik som t.d. vareslaga dei førde med seg, har eg klart å identifisera 3086 innbetalingar. Det er nær halvparten av alle som betalte konsumpsjonstoll ved Tollboden i 1681.
Utvalet er ikkje nødvendigvis statistisk representativt, men det er på den andre sida heller ingen grunn til å tru at gardane med lett identifiserbare gardsnamn skulle ha ein annan næringsstruktur - og dermed eit anna handelsmønster enn gardar med namn som er vanskelegare å identifisera. Det ser heller ikkje til å vera nokon påfallande skeiv geografisk fordeling av dei indentifiserte personane.
Nokre av dei identifiserte gardbrukarane - særleg i dei områda som låg nærast byen - går att fleire gonger. Dei har gjort meir enn ei byreise - og betalar avgift kvar gong. Difor er det berre om lag 1400 ulike personar med i utvalet.
Kva bilete gjev då konsumpsjonslistene av handelen med Bergen?
Det første som slår oss er at det kjem bønder med varer heile året, men haustmånadane er særleg travle. Det neste, som også er lett å få auge på, er dominansen av slakt og husdyrprodukt. Dette forklarar langt på veg at det meste av handelen gjekk føre seg på haustparten. Sommaren er beste beitetida. Då mjelkar kyrne best, og då er smørproduksjonen på topp. Hausten er slaktetida. Når byturen vart lagt til haustparten kunne det leverast både smør og slakt - alt etter næringsgrunnlaget i distriktet. Det fleste slaktebeista og det meste av småfeet kom faktisk sjøvegen. Talet på slakt og småfe ved Tollboden i 1681 ligg langt over det tidoble av det me finn ved Stadsporten.
Det tredje, som slett ikkje er uventa, er at handelen er mest intens nærast byen. Her er byturane hyppigast, og her synest også fleire bønder å ta del. Byturane vert færre når avstanden aukar og talet på bønder som tek del i handelen minkar også.
Handelen synest å spreia seg som ringar i vatnet. Det verkar naturleg å dela området opp i tre: (1) det indre handelsområdet, (2) det midtre handelsområdet og (3) det ytre handelsområdet.
Dette området femner over dei bynære delane av Strilelandet (Nord- og Midhordland) og formar seg etter ferdselsvegane. Reisetida til byen sette grensene for mjelkeleveransane. Eit par mils sjøreis synest å ha vore yttergrensa.
Dei gardane i Laksevåg og Askøy som låg nærast byen kunne levera mjelk nesten kvar veke så lenge kyrne gav mjelk. Når roturen vart så lang at ein vanskeleg kunne koma heimatt same dagen, som på Skuggestrandbygda i Arna eller dei sørlege delane av noverande Lindås og Radøy kommunar, vart det månader mellom byturane.
Mellom mjelkeleverandørane finn me gardbrukarar frå Vaksdal i aust, den vestlege delen av Osterøy, den sørvestlege delen av Lindåshalvøya, sørspissen av Radøy, Meland og Askøy og vestsida av Laksevåg og Fana. Desse nøydde seg gjerne med frå to til tre byturar i året, og dei hadde oftast også med seg andre varer slik som smør og slakt.
Det meste av mjelka kom likevel landevegen frå Fana og dei bynære stroka i Os, Haus og Åsane. Fanabøndene var spesialiserte mjelkeprodusentar. Dei leverte opp mot 3/4 av mjelka som vart kløvja til byen og truleg opp mot halvparten av dei om lag 250.000 literane mjelk som i 1681 vart registrerte ved konsumpsjonstollstasjonane.7
Leveransane frå det midtre handelsområdet er konsentrert til seinsommaren og haustmånadane. Også i dette området synest det som mange hushald var aktive i byhandelen - når me ser bort frå kyststroka.
Den tredje ringen dekkjer heile Hordaland og Sogn og Fjordane, og dessutan dei nordlege delane av Rogaland, men det er ikkje alle stader den direkte byhandelen er like utbreidd.
Fire regionar peikar seg ut med særleg sterk handel med Bergen. Det er delar av Sunnfjord, Ytre og Midtre Sogn, Voss, delar av Hardanger og dei indre Sunnhordlandsbygdene med tilgrensande bygdelag i Rogaland nord for Boknafjorden.
Bøndene frå dette ytre handelsområdet gjorde oftast berre ein tur i året til Bergen, og dei vanlegaste vareslaga dei hadde med seg var smør, slakt og talg.
Me har alt peika på at det meste av smøret og slaktekveget kom sjøvegen. At dette også gjeld slaktedyra frå ei innlandsbygd som Voss kan synast overraskande. Me skal likevel hugsa på at kløvtransport i det kuperte vestlandsterrenget var svært krevjande, og det var små varemengder ein hest kunne bera på ryggen over store strekningar. Å kløvja ned til Evanger og etterpå bruka båt over Evangervatnet og ut fjordane på nord- eller sørsida av Osterøy vart tydeleg rekna som den lettaste reisemåten.
Me må likevel rekna med at vossingane også har ført slaktekveg og andre jordbruksvarer til Bergen gjennom kvegdriftene som kvar haust enda opp på Haukelandsmarknaden utanfor byporten i Bergen. Slike kvegdrifter kom over fjellet, ikkje berre frå Voss, men også frå Kvam og Samnanger.
| Identifiserte bønder ved Tollboden 1681 |   |
| Nordfjord | 36 |
| Sunnfjord | 115 |
| Ytre Sogn (t.o.m. Balestrand) | 132 |
| Indre Sogn (f.o.m. Leikanger) | 14 |
| Nordhordland | 546 |
| Midhordland | 334 |
| Voss | 57 |
| Hardanger | 59 |
| Sunnhordaland | 106 |
Skal me tru oppgåvene i konsumpsjonslistene kan likevel desse kvegdriftene ikkje hatt særleg stort omfang. Det skal nemleg ikkje ha vorte ført meir enn 214 slaktebeist og 332 småfe gjennom Stadsporten i heile 1681. Ein del av desse veit me kom frå næropplandet i Fana, Os og Haus. Det vert då ikkje mykje att til kvegdriftene frå Voss, Samnanger og Kvam.
Som venta er det områda med dei beste sæterområda som leverte dei største smørmengdene. Dei indre bygdene i Sunnfjord (Naustdal, Førde og Jølster, men ikkje Gaular), Voss, og i noko mindre omfang Midtre Sogn og områda på begge sider av den noverande fylkesgrensa mot Rogaland (noverande Etne og Vindafjord kommunar), var byen sitt smørkammers. Frå dei indre bygdene kom det også mykje talg.
Bøndene i Vik i Sogn ser ut til å vera dei første som spesialiserte seg på sal av neper, medan vossingane nærast hadde monopol på sal av humle til ølbrygging.
(fortsetter)