Bonde og byborgar

John Ragnar Myking
byindex LOGO

(fortsettelse)

Handelsmønsteret i Hordaland og Sogn og Fjordane

Det mønsteret me teiknar opp på grunnlag av konsumpsjonsavgifta 1681 er på mange måtar merkeleg. Rett nok er det svært mange strilar i byen med varer, slik me ville venta. Men det merkelege er at dei midtre og indre områda er så sterkt overrepresenterte. Ute ved havkanten er det langt færre som tok byturen med varene sine, og det er også langt mellom bøndene frå Os og Samnanger.

Og når så me bevegar oss ut frå strilelandet vert mistanken om at noko må vera gale styrka. Det viser seg nemleg store, ja nesten heilt kvite flekkar på kartet. I Sogn og Fjordane manglar me bønder frå heile Indre Sogn, store delar av kysten og fjordområda kring Florø og det meste av Nordfjord. I Hordaland er det langt mellom bøndene frå ytre Sunnhordland og indre Hardanger. Dessutan er det få frå kysten av Nord- og Midhordland. Berre ein del av dette mønsteret kan forklarast med grunnlaget for konsumpsjonsoppkrevjinga. Som me har sett var levande fisk friteken for avgift, men me skulle venta å finna store mengder sild og salta fisk i tillegg til andre fiskeprodukt som tran og lyse. Slike varer ser likevel sjeldan ut til å ha vorte førde til byen av fiskarbøndene sjølve. Sild manglar heilt i rekneskapen. I 1681 betalte enkeltpersonar berre avgift av 15 1/2 tunne saltfisk, 28 våger tørrfisk og 31 tunner lyse. Fersk laks ser derimot bøndene ut til sjølv ha frakta til byen. Det vart nemleg betalt toll for ikkje mindre enn 2561 laksar dette året.

Når innførsla av laks tilsynelatande er større enn omsetnaden av annan fisk, kan det knapt vera anna grunn til dette enn at det må ha funnast eit finmaska nett av oppkjøparar langs heile kysten. Rett nok fastslo Bergen bys privilegiar av 30. juli 1662 heilt kategorisk at "... alle Vare som i Bergenhuus-Lehn falde, skal føres til Bergen".8 Det vart truga med at varer som var ulovleg oppkjøpte i distriktet ville verta konfiskerte.

kart Men denne freistanden på samla all handel i Bergen var mislukka. Alt frå første del av 1500-talet hadde handelsmenn i Bergen enten sjølve, eller ved hjelp av fullmektigar, kjøpt varer direkte av fiskarbøndene ved kysten.9 Desse uteliggjarane, som dei vart kalla, held til i såkalla "kremmerleier".

Om byprivilegia eventuelt sette ein støkk i uteliggjarane for ei kort stund, var denne støkken for alvor over i 1680-åra. Det viser tingsvitna om kremmerleier og gjestgjevarstader i Nordhordland og Sunnhordland som stiftamtmannen let taka opp på bygdetinga i 1706.10

Då hadde byprivilegia av 1702 på nytt gjort oppkjøp gjennom slike handelsplassar lovleg, det galdt no å regulera talet på kremmarleie. Nettopp alderen på kremmarleiet var eit av kriteria for om uteliggjarane fekk halda fram med verksemda si. Difor får me i 1706 vita kor gamle desse kremmarleia var. Når me samanliknar plasseringa av kremmarleia med område der me har registrert få bønder som betalte konsumpsjonstoll ved Tollboden i 1681, finn me eit påfallande samsvar i kystområda. Det er då også her me finn dei fleste kremmarleia.

I Sunn- og Midhordland finn me eit belte med kremmerleier heilt ute ved kysten. Mellom dei som sikrast kan førast attende til 1680-talet er Bømmelhavn, Geitung, Mosterhavn, Sønstebøvågen, Folderøyhamn, Øklandsvågen og Rubbevik på Bømlo og Brandasund og Engesund i Fitjar. Like gamle er Kvalvåg, Stolmevågen, Bekkjarvik, Vindenesvågen og Austre og Vestre Bakholmen i Austevoll.

Kor fullstendig dominerande slike kremmarleier kunne vera i lokalhandelen ser me av dødsbuskiftet etter Mikkel Olrich frå 1710.11 Olrich åtte kremmarleiet Austre Bakholmen i Austevoll i tillegg til eit nyare kremmarleie på Hiskjo på Bømlo. Nesten 300 bønder, dei fleste frå Austevoll og Møkster sokner, stod då i gjeld for varer dei hadde motteke, men ikkje betalt. Olrich tok mot fisk, salta han og eksporterte han. Til gjengjeld kunne han utstyra fiskarbøndene med det kornet dei trong.

Attåt desse kremmarleia kom så dei skotske trelasthandlarane og dei hollandske hummaroppkjøparane i Sunnhordland som også kjøpte fisk og andre varer av bøndene og som til liks med kremmerleia kunne forsyna bøndene med korn, salt og andre varer dei måtte trengja.12 Sentralt i denne handelen stod tollstaden Leirvik på Stord der dei utenlandske båtane fram til 1753 kunne klarera varene utan å måtta gå innom Tollboden i Bergen.

Den livlege handelsverksemda i ytre Sunnhordland gjev forklaringa på kvifor me har identifisert så få bønder frå Austevoll, Fitjar, Bømlo, Stord og Sveio som betalte konsumpsjonstoll ved Tollboden 1681. Dei få me i registrerte ved Tollboden, hadde oftast med seg storfe- eller småfeslakt. Skottehandelen gjev gjerne noko av forklaringa på kvifor så få bønder frå Samnanger, Fusa og dei sørlege delane av Os reiste jamleg til byen. Her låg nokre av dei største lasteplassane for trelast.

kart Også lenger nord kan kremmarleia vera forklaringa på kvifor så få kystbønder sjølv førde varene sine til Bergen. I Nordhordland, var det fleire kremmerleie. Mellom dei som sikrast var i drift alt på 1680-talet var Håkonsund, Glesvær og Telavåg på Sotra, Jordholmen, Hennøen og kan henda også Hellesund i Øygarden, Kremmarholmen på Fedje ved innløpet av Fensfjorden og lengst nord Langøy i noverande Austrheim kommune. I den ytre delen av Radøy, Bø sokn, handla mange med kremmarleiet i Bøvågen.

Tingsvitnet om nettopp Bøvågen viser at dei der også fekk dekka behovet for byvarer, ikkje berre korn og salt, men endå til brød. Dette kan forklara kvifor det går eit skilje midt over Radøy i 1681. Den søraustlege delen handlar direkte med byen. Den nordvestlege delen handlar i Bøvågen.

Også desse kremmarleia må ha teke mot det meste av fisken som vart dregen opp av havet, men i motsetning til i Sunnhordland selde fiskarbøndene her i større grad også varer på eiga hand. Det galdt først og fremst jordbruksvarer som mjelk, smør og slakt, men også til ein viss grad fisk og fiskeprodukt. Det meste av fisken må her ha vorte omsett i kremmerleia, medan fiskarane sjølve særleg tok hand om omsetnadane av laks. Frå dei bynæraste områda reiste dei også med fersk fisk til byen, men den ferske fisken var som me hugsar friteken frå konsumpsjonsavgift.

Bortsett frå Gulen, som fram til 1773 høyrde til Nordhordland, har me ikkje funne tilsvarande tingsvitne frå kyststroka i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I Gulen skal kremmarleiet Børholmen ha kome i drift i 1679.13 Andre kjelder tyder likevel på at det også var mange kremmar-leie lenger nord langs kysten som etter alt å døma var i drift på 1680-talet.14 I Ytre Sogn og Sunnfjord galdt det Husøy i Solund, kan hende også Korssund i Askvoll og Furesund i Flora og heilt avgjort Smørhavn i Bremanger.

Kremmarleia forklarar kvifor så få bønder frå dei ytre kyststroka sjølve førde varene sine til Bergen. Fiskarbøndene leverte fisk og vart til gjengjeld forsynte med korn. Same funksjonen hadde skottehandelen i delar av Sunnhordland. Her kunne trelast bytast mot korn.

Korleis kan me så forklara dei kvite flekkane på kartet i dei indre fjordarmane i Hordaland og Sogn og Fjordane? Her var ikkje hverken fiskeoppkjøp eller skottehandel. Rett nok kunne ein mot slutten av 1600-talet også treffa bergensborgarar inne i fjordane, særleg i Nordfjord og i Sogn. For det meste er det tale om gjestgjevarstader der det også vart drive ein viss handel, slik som til dømes i Solvorn i Indre Sogn.

Om dei to kremmerleia på Solvorn heiter det såleis ved midten av 1700-talet at dei er "... fornøden for præstegieldets Almue eftersom de boer langt fra Bergen og derfor ikke selv til Bergen kand indreise og sig fornøden ware tilkiøbe".15 Men det er likevel lite som tyder på at desse kremmarleia var avtakarar av store menger slakt og husdyrprodukt på same måten som kremmarleia ute ved kysten tok mot fisk.

kart Unntaket er gjerne Lærdalsmarknaden. Lærdalsøyri var i ein særstilling på grunn av Lærdalsmarknaden som gjekk føre seg ein 4-8 dagar i september kvart år. Dit kom bergensborgarar som hadde eigne naust på Lærdalsøyri for å kjøpa opp varer og å selja bøndene det dei måtte trengja.16 Heilt frå 1600-talet var det oftast to handelsmenn på øyra, men Lærdalsmarknaden var først og fremst ein bytemarknad mellom dalbygdene aust for vasskiljet og kyst- og fjordbygdene i Sogn.

I ein beskrivelse av Bergen Stift frå 1714 heiter det at opplendingane kom over fjellet med kornvarer mens havmennene frå Utvær og andre korntrengjande fiskevær hadde med seg fiskevarer. Så "... byttis, kjøbes og handeles til fælles Nødtørft og Fornødenhed". Opplendingane kjøpte dessutan hestar og mykje slaktefe på Lærdalsmarknaden.17 Det siste må ha vore av folk lenger inne i Sognefjorden. Bergensborgarane sitt bidrag til handelen er ikkje nemnt. Den har difor gjerne vore det minst vesentlege.

Bærebjelken i Lærdalsmarknaden var kontakta austover. Kan det vera at nettopp handelskontaktane over fjellet forklarer dei manglande handelsforbindelsane mellom Bergen og dei indre fjordbygdene i Hordaland og Sogn og Fjordane?

Den utbygde handelsaktivteten mellom dei indre fjordbygdene på Vestlandet og øvste dalbygdene på Austlandet går langt attende, truleg til mellomalderen.18 Bytevarene var gjerne mykje dei same som på Lærdalsmarknaden: korn frå aust, hestar og slaktekveg frå vest.

Etter at Kongsberg sølvverk vart grunnlagt i 1623, reknar ein med at trafikken over fjellet auka mykje. Verket hadde fleire hundre arbeidarar alt frå starten og byen Kongsberg vaks på 1700-talet til ein by på storleik med Kristiania og Trondheim.19 Denne befolkninga, på mange tusen menneske, trong tilførsler av mat. Det same gjorde befolkninga i Drammen og Kristiania. Til saman fanst det her ein marknad som samla sett ikkje var mindre enn Bergen.

Dei indre vestlandsbygdene kunne bidra med slaktekveg, men også med smør og talg. Vegen over fjellet var lang og strevsam, men fedriftene hadde den føremunen at kveget gjekk på eigne bein. Driftene tok gjerne heile sommaren, men samstundes kunne slaktekveget også feita seg opp på det saftige fjellgraset. Smør og talg vart frakta austover på kløvhestar. Talg var etterspurd til lys i gruvene og til smørning av reiskap og maskiner.

Beskrivelsen over Bergen stift frå 1714 viser at i alle fall Hardanger og Voss leverte mykje varer austover. Om hardingane heiter det at dei førde slaktefe, smør og endå til heimelaga salt austover både til Kongsberg, Drammen og Kristiania.20 Vossingane reiste over fjellet til Kongsberg og andre stader med "... Qveg, Heste, Smør, Humble og andre Feede Vahrer ..." som det heiter i beskrivelsen.21

Bøndene i Hardanger og på Voss handla også med Bergen. Ja, beskrivelsen frå 1714 legg endå til vekt på at vossignane hadde "deris Handling først og fornemnst paa Bergen". Dei aller inste fjordbygdene (inst i Sognefjorden, inst i Hardangerfjorden) ser derimot ut til å ha satsa fullt og heilt på handelen austover.

Det er vanskeleg å avgjera kor stort omfang austlandshandelen kunne ha, anna enn at den var relativt omfattande - i alle fall etter at Kongsberg kom i full drift. I 1741 stod såleis 25 mann frå Hardanger til rest med tilsaman 11 tonn talg dei skulle ha levert til sølvverket.22


Me har no rissa opp eit relativt komplisert bilete av handelsmønsteret på det sentrale Vestlandet mot slutten av 1600-talet. Dei aller fleste bondehushalda i dette området ser ut til å vera involvert i ein eller anna form for handelsøkonomi. Rein sjølvberging på eigen avl ser ut til å vera ukjend for dei fleste. Produksjonen på dei fleste gardane må har vore innretta like mykje mot handel som mot eige konsum.

kart Bergen står sjølvsagt sentralt i handelsmønsteret men den er ikkje den einaste avtakaren av huslydane sine overskotsprodukt. Beskrivelsen over Bergen Stift gjev i så måte ei instruktiv skildring av handelen til innbyggarane i Hardanger:

Hardanger Handel er

  1. paa Bergen, hvorhen de løber med sine Baader og Jægter, førende Brænde-ved, Slagtefæe, Skind og Fede-Vahrer
  2. Paa Sundhordlehn, hvorhen de bringe deris Træelast til Ladestæderne, hvor Skotterne komme og dend afhenter
  3. over Land paa Konsberg, Drammen og Christiania meed Slagtefæe, smør og Salt, som de selv brænder.
  4. Paa Stavangers Stift handler de med Bast, Næfver, Bark, Bord, Ost og Smør, og tilforhandler sig dermed Korn til deris egen Fornødenhed. Til denne Handel reise de til Vands med smaae Jægter og Baade.23

Bønder frå Hardanger tek såleis del i fleire av dei handelssystema me har beskrive: direktehandelen med Bergen, skottehandelen i Sunnhordland og austlandshandelen med Kongsberg. I tillegg handla dei også sørover, truleg direkte med bønder frå Rogaland. Hardingane låg i ein geografisk gunstig posisjon for å nå alle desse markandane, og dei hadde dermed ein valfridom dei gjerne kunne utnytta til eigen vinning ettersom pris og etterspurnad endra seg på dei ulike markandane.

Så rikt val hadde ikkje dei fleste andre område på det sentrale Vestlandet. Alle distrikt hadde likevel sine handelspartnarar. Skal me freista rissa opp strukturen i handelen på det sentrale Vestlandet mot slutten av 1600-talet får me dette mønsteret:

Grenseområdene i Rogaland og indre Sunnhordland

Bergen var handelsbyen også for dei nordlegaste bygdene i Rogaland. Her reiste bøndene sjølve med varene sine til Bergen. Dette området grensar opp mot Skånevik, Etne og Ølen der det også vart ført jord-bruksvarer, særleg slakt og smør, til Bergen. Dette området kan også hatt kontaktar austover, utan at me har funne spor etter slik i kjeldene våre.

Hardanger

Her gjekk det kvegdrifter austover til Kongsberg og andre område på Austlandet. Smør og talg vart kløvja same vegen. Frå dei ytre og sørlege delane av Hardanger vart det også ført ein del jordbruksvarer til Bergen. På ladeplassane i Sunnhordland selde dei trelast til skottane, og hardingane hadde også handelskontaktar med dei nordlege delane av Rogaland.

Ytre Sunnhordland

I ytre Sunnhordland handla bøndene med uteliggjarane i kremmerleia eller med tilreisande hollendarar som hadde ærend etter hummar. I indre Sunnhordland dominerte skottehandelen. Berre på den nordlege luten av Tysnes ser det ut til at folk for det meste førde jordbruksvarene sine til Bergen.

Nord- og Midhordland

I dei ytre kyststroka tok kremmarleia det meste av fiskehandelen, medan bøndene omsette ein del jordbruksvarer, og venteleg også ein god del levande fisk, i Bergen. Frå dei midtre og indre stroka leverte derimot bøndene sjølve alle varer til Bergen. Dette området var viktig for forsyningsituasjonen i Bergen, ikkje berre avdi dei leverte mykje mjelk og andre jordbruksvarer, men også avdi dei i større utstrekning kunne levera varer til alle tider på året.

Voss

Handelen til vossingane var delt mellom Bergen og Austlandet, endå om beskrivelsen frå 1714 reknar byhandelen som den viktigaste. Austhandelen ser derimot ut til å ha dominert i Vinje og Raundalen.

Sogn

I dei aller ytste kyststrok tok kremmarleia hand om ein del av fiske-omsetnaden, medan det frå munningen av Sognefjorden og innover til og med Balestrand var vanleg at bøndene sjølve førde jordbruksvarene sine til byen. Frå Sogndal og innover i Sognefjorden dominerte derimot Lærdalsmarknaden og kvegdriftene austover handelsmønsteret.

Sunnfjord

Ute ved kysten tok kremmarleia hand om det meste av fiskeomsetnaden, og i eit område med sentrum i noverande Florø også det meste av anna vareomsetnad. Frå dei midtre og indre Sunnfjordsbygdene førde derimot bøndene for det meste varene sine sjølve til byen. Merkeleg er det likevel at det frå ei bygd som Jølster ikkje vart levert eit einaste slaktebeist til byen. Alt smøret og talget som vart ført til Bergen skulle tyda på at husdyrhaldet i denne bygda var ganske omfattande. Dermed får me ein mistanke om at det også frå slike område, på same måten som på 1800-talet, kan ha vorte ført store kvegdrifter austover fjellet.

Nordfjord

I dette futedømmet ser kremmarleia ut til å hatt hand både om fiskevareomsetnaden ute ved kysten og omsetnaden av jordbruksvarer lenger inne i fjorden. Dei sveiper likevel ikkje opp heile omsetnaden, me finn også ein og annan nordfjordsbonde ved Tollboden i 1681.

Alt i alt set me då att med eit bilete av ein omfattande handel på det sentrale Vestlandet. Hushalda på gardane i dette området levde langt frå i noko naturalhushald. Tvert om kan handelen vore sjølve livsnerva i hushaldet. Dei varene dei ikkje sjølv produserte kunne dei byta til seg eller kjøpa med pengane dei fekk frå andre varer. Sameleis kunne handelen gje det overskotet som skulle til for å betala skattar og avgifter - som vart kravt inn i reie pengar.

I denne handelen må me rekna Bergen som motoren, men bytehandel mellom ulike regionar og ikkje minst handelen med Kongsberg og andre byar på Austlandet var også viktig.


byindex LOGO
byforri LOGO byopp LOGO