Håkonshallen på Holmen. Kong Olav Kyrre let bygge ei Kristkyrkje av tre på Holmen (seinare Bergenhus), og han sette i gang arbeidet med eit større kyrkjebygg i stein. Kong Øystein reiste ein kongsgard i tre like ved dei to kyrkjene. I hans tid vart kongens residens i Bergensområdet flytta frå kongsgarden Alrekstad til sjølve byen. Under Håkon Håkonsson, då kongen hadde teke fast opphald i Bergen, vart dei gamle trebygningane i kongsgarden erstatta med steinbygningar, m.a. Håkonshallen.