Byen som litterært sentrum

Else Mundal
byindex LOGO

(fortsettelse)

Litterære impulsar følgde handel og samferdsle

kart Men medan dei sterkaste impulsane utanfrå sikkert kom inn via institusjonar som kyrkje og kongehoff, så kom nok også bydanninga i seg sjølv etter kvart til å fremje kontakten med omverda. Byar var senter for handel og ferdsel. Kontakten mellom Island og det norske hoffet er nemnd. Det fanst sjølvsagt også mykje kontakt med Island som ikkje gjekk direkte om det norske hoffet eller kyrkjelege institusjonar. Av dei islandske samtidssogene, som vel gjev eit relativt påliteleg bilete av forholda, kan vi sjå at det på 1200-talet ofte oppheldt seg svært mange islendingar i Noreg om vinteren. Islendingar som dreiv handel, kunne reise att og fram same sommaren, men vinteropphald var vanleg, ofte ser det ut for at dei tok vinteropphald i byane. I nokre tilfelle kan vi sjå at dei har livnært seg eller skøytt på inntekta ved å ta skrivearbeid, t.d. finn vi islandske skrivarhender i handskrift av Frostatingslova. Handel var ein syssel for islandske hovdingsøner, og vi kan rekne med at mange av dei både var skrivekunnige og hadde god greie på islandsk litteratur. Forholda skulle liggje til rette for at det kom sterke litterære impulsar frå Island, som i denne perioden kan karakteriserast som ei litterær stormakt, men det vi må slå fast er likevel at vi kan ikkje finne prov på at dei særislandske genrane, islendingesoger og samtidssoger, vart kjende i Noreg. Med den nære kontakten som fanst, verkar det nesten utruleg, men om det ikkje er manglande kjelder som fører oss på villspor, var islendingesogene i mellomalderen den best bevarte islandske statsløyndom gjennom tidene.

Sidan hanseatane var ei handelsstormakt i mellomalderen, skulle forholda liggje til rette for at det kom litterære impulsar frå det nord-tyske området, i særleg grad til Bergen der hanseatane slo seg ned og i ein så lang periode sette sitt preg på bybiletet. Kor sterke desse litte-rære impulsane var, er det vanskeleg å måle i ettertid, men det finst sterke indisium på at hanseatane har framført skodespel på Bryggen (sjå Krogmann 1971: 263; Schöendorf 1981). Det er også funne brot av ei vagantvise på ein runepinne frå Bryggen. Dette er litteratur som kan vere formidla av hanseatane, men også av geistlege som har fått opplæringa si i utlandet.

kart Eit forhold som det også kan vere freistande å sjå i samanheng med at Bergen var eit betydeleg handelssentrum i Nordsjøområdet, er at det er ein nær slektskap mellom balladediktinga i Noreg og på dei Britiske øyane.

Framføringa av kyrkjespel og framføring av skodespel av omreisande teatertroppar eller gjøglerar er vel også noko vi stort sett vil finne berre i byane. Vi har nokre få kjelder som fortel om slikt i Sverige og Dan-mark i seinmellomalderen, og faktisk at det vart framført fastelavenspel i Bergen i 1520-åra (sjå Huitfeldt 1876: 9). Men kva som fanst av denne typen litterær aktivitet, er også noko vi veit svært lite om.


Var folkeopplysninga og litterær danning høgst i dei litterære sentra?

kart Kva slags impulsar gjekk så ut frå dei litterære sentra som voks fram i byane? Kan vi for det første rekne med at det gjekk impulsar til nærmiljøet frå dei institusjonane som i første rekkje bar det litterære livet? Skulane ved Domkyrkja og Apostelkyrkja gav primært presteutdanning, og skulane i klostera gav undervisning til sine eigne brør eller systrer og til novisene. Skulane til dominikanarane og fransiskanarane var også opne for andre geistlege. Men i kva grad fekk andre enn dei som tok sikte på å verte prestar eller dei som tok sikte på eit liv i klosteret, utdanning? I prinsippet skulle skulane som hadde tilknyting til kyrkjene også vere opne for andre. Det var også vanleg at klostera både hadde ein skule for born som var overlatne til klosteret for å gå inn i ordenen, scola interior, og ein skule for born som ikkje skulle takast opp i ordenen, scola exterior, men om dette var slik ved norske kloster har vi vel ingen direkte prov på. Av islandske kjelder ser det ut til at det var relativt vanleg at storbønder sette sønene sine i skule, og dei kunne ta lågare kyrkjelege vigsler utan at dei tok sikte på å verte prestar. I den islandske bispesoga Jóns saga vert det gjeve ein del opplysningar om den presteskulen som Jón let opprette ved bispestolen på Hólar. Her kan vi sjå at det også fanst kvinner som må ta fått ei solid utdanning. Ved denne presteskulen fanst det nemleg ei kvinne, Ingunn, som underviste prestelærlingane i grammatikk og retta latinen deira (Jóns saga, versjonen etter Gunnlaugr múnkr, kap. 27). Samanlikna med det vi veit om norske forhold, var forholda på Island spesielle i og med at det der fanst verdslege lærdomssenter utan tilknyting til bispestolar eller kloster. I Noreg og i norske byar var så vidt vi veit all skuleopplæring knytt til kyrkjer og kloster, og det er vanskeleg å danne seg eit klart bilete av i kva grad folk som ikkje var knytte til desse institusjonane fekk opplæring i skulane ved kyrkjer og kloster. Men til ei viss grad har det skjedd, og i alle fall må vi rekne med at dei lærdomssenter som skulane var, hadde ein viss ringverknad i nærmiljøet. Folk med den naudsynlege bakgrunn og ei opplæring som ville gjere dei i stand til å drive med litterær verksemd, eller som i alle fall hadde kjennskap til litteratur og litterære interesser, ville ein difor også kunne finne mellom folk som ikkje var prestevigde og som ikkje heldt til i klostera. Kanskje ville nærleiken til skulane føre til at rike byborgarar oftare enn velståande folk på landsbygda sette sønene sine i skule, det er ei ganske rimeleg slutning. Men vi veit vel for lite til å dra den konklusjonen at den lettare tilgangen til skular ville føre til at byborgarar gjennomsnittleg hadde større lese- og skrivekunnskap enn folk på landsbygda. Dessutan veit vi lite om kor vanleg det var at sønene til velståande folk på landsbygda fekk privatundervisning, t.d. av den lokale presten.

kart Utgravingane på Bryggen i Bergen har i den siste mannsalderen gjeve oss eit noko anna bilete av det litterære livet og den litterære kompetansen i Bergen i mellomalderen enn vi hadde tidlegare. Runepinnar med fragment av dikt i skalde- og eddaversemål har fortalt oss at denne diktinga framleis levde i Noreg i ein periode då ein tidlegare trudde ho hadde vore utdøydd i eit par hundre år. Mengda av runeinnskrifter har gjeve oss ein mistanke om at ein større del av folket enn vi tidlegare trudde, kunne lese og skrive. Det kunne finnast menneske som kunne berre runer, og det kunne finnast menneske som kunne berre latinsk skrift, men sannsynlegvis har mange vore lese- og skriveføre på to alfabet, og det er det få nordmenn som er i dag. Det vi ikkje kan seie noko om fordi vi manglar samanlikningsgrunnlag, er om denne relativt høge litterære kompetansen var spesiell for bysamfunna, eller om forholdet også var det same på bygdene.


Korleis spreidde kjennskapen til litteraturen seg frå dei litterære sentra?

Vi veit svært lite om korleis den skriftlege litteraturen spreidde seg frå og mellom dei litterære sentra i Noreg. Det vi kan sjå er at litteratur som vart produsert i Noreg, vart spreidd til Island, for slik litteratur er funnen att på Island i islandske handskrift, då kan vi gå ut frå som temmeleg sikkert at norsk litteratur i minst like stor grad vart spreidd innanlands. Korleis litteratur og litterære impulsar vart spreidde frå dei litterære sentra i bysamfunna, ville vere avhengig av fleire faktorar. Ulike typar litteratur spreidde seg nok på ulike måtar, og også samfunnsstrukturen ville ha innverknad på spreiingskanalane. Skriftleg litteratur, dvs. bøker, var kostbare i mellomalderen, ei ganske lita bønebok ville koste det same som ei ku, og med slike prisar forstår vi at bøker vart ikkje allemannseige. Kven som var målgruppe for ein aktuell litteratur, ville sjølvsagt avgjere kva miljø litteraturen spreidde seg til. Den lærde religiøse litteraturen må vi tru spreidde seg berre til andre lærde litterære sentra. Den forkynnande religiøse litteraturen, preiker og legender, hadde sjølvsagt folket som den endelege målgruppa, men dei skriftlege tekstene, bøkene, hadde kyrkjas menn som målgruppe. Slik litteratur vart nok spreidd gjennom dei kyrkjelege sentra. I kva grad denne litteraturen nådde ut i landet, er det svært vanskeleg å dra slutningar om. Kor brei målgruppe den sagalitteraturen som vart skriven i Norge, dvs. kongesoger, hadde, er det vanskeleg å vite, men prisen på bøker tilseier at den direkte målgruppa i alle fall må ha vore overklassen. Vi ser også at latinen hadde ei sterkare stilling som litteraturspråk i Noreg enn på Island. To av dei norske kongekrønikene, Theodoricus verk Historia de antiquitate regum Norvagiensium, frå slutten av 1100-talet, og den anonyme Historia Norvegiae, sannsynlegvis frå same perioden, var skrivne på latin. Det fortel nok indirekte at litteraturen var skriven for ei ganske snever målgruppe. Den høviske litteraturen som vart omsett ved det norske hoffet frå 1220-åra av, var nok først og fremst tenkt som ein litteratur for krinsane kring kongen og overklassen i landet, og som skriftleg litteratur fekk riddardiktinga neppe noko spreiing i dei breie lag av folket. Men denne litteraturen vart likevel på ein eller annan måte spreidd, for motiva frå den høviske litteraturen, som motiv frå eddadikt, fornaldarsoger og legender, møter vi att i balladane, og på eit tidspunkt vart hofflitteraturen folket sin litteratur. Men korleis kunne spreiinga til dei breiare lag av folket skje?

På Island kan det vere grunn til å rekne med at samfunnet var relativt kulturelt homogent. Rett nok var det stor skilnad på fattige og rike, og dei velståande hadde ein langt større tilgang på bokleg lærdom enn dei fattige. Men dei mektige hovdingane budde saman med tenarskapet sitt på gardane sine, husa var slik innretta at dei oppheldt seg i dei same roma. Når soger var lesne opp eller fortalde og kvad sagde fram, fekk alle i huset del i dette. Riddarsogene vart vel lesne eller lesne opp i eit miljø der forholda ikkje låg til rette for at dei kunne spreie seg til dei breie lag av folket fullt så enkelt som sagalitteraturen kunne spreie seg på Island. Men mange av dei som hadde tilknyting til hoffet, hadde også sine storgardar kringom i landet, og kjennskap til denne litteraturen kunne nok spreie seg langs slike kanalar.

Når balladegenren vart til, har vore svært omstridt i forskinga, også kvar balladane vart til, både den einskilde balladegenren og den einskilde balladen. Dette problemet er nyleg drøfta av Bengt R. Jonsson (Jonsson 1992: 138 ff.). Han hevdar at Eufemiavisorna, som vart dikta på grunnlag av omsett riddardikting, vart til i Oslo rundt 1300. Då hadde Oslo vorte residens for det norske hoffet. Men Eufemiavisorna viser påverknad frå balladegenren, og av dette dreg Jonsson den konklusjonen at balladane like før måtte ha vorte til i det same miljøet, dvs. miljøet kring det norske hoffet. Han hevdar også at det var Noreg som var arnestaden for den nordiske balladen, og denne diktinga spreidde seg frå Norge til dei andre nordiske landa. Dette vil også seie at det var byane, Bergen og Oslo, som vart dei sentra balladane spreidde seg frå. Dette er også ein enklare forklaringsmodell når det gjeld spreiing av motiv frå riddardiktinga, enn å rekne med at den skriftlege litteraturen vart spreidd utover i landet og at balladane oppstod der på grunnlag av denne litteraturen. Som munnleg dikting kan balladane ganske enkelt ha dansa seg frå byen og utover i landet.

For å konkludere så er det ganske innlysande at byane baud dei beste vilkåra for at det skulle vekse fram livskraftige litterære sentra i Noreg i mellomalderen. Men at vilkåra ligg til rette for noko, gjev ingen garanti for at dette skal skje. Til ei viss grad vart dei største norske byane litterære sentra, men dei vart kanskje meir potensielle litterære sentra enn verkelege litterære sentra. Som samanlikninga med Island viser, må det vere andre faktorar enn bydanning som er avgjerande for at vi får ei litterær bløming. Kva faktorar som førte til den store litterære bløminga på Island, har vore mykje diskutert, men det er eit anna spørsmål.


Litteratur

Bendiktsson, Jakob og Åsgeir Bl. Magnússon; Jón Helgason og medarbeidarar;
Wolfgang Krause, 1964. En ny dróttkvattstrofe fra Bryggen i Bergen. Maal og minne.
Clover, Carol.1986. Hildigunnr's lament. I Structure and Meaning in Old Norse
Literature: New Approaches to Textual Analysis and Literary Criticism.
Red. J. Lindow et. al. Odense.
Gjerløw, Lilli. 1970. Missaler brukt i Bjørgvin bispedømme fra misjonstiden til
Nidarosordinariet. I Bjørgvin bispestol. Byen og bispedømmet. Red. P. Jukvam. Bergen.
Helgason, Jón. 1944. Bällsta-inskriftens "i grati". Arkiv för nordisk filologi 59.
Helle, Knut. 1982. Bergen bys historie I. Bergen-Oslo-Tromsø.
Huitfeldt,H.J. 1876. Christiania Theaterhistorie. København.
Jonsson, Bengt R. 1992. Kring Sophus Bugges balladuppfattning. I Eyvindarbók.
Festskrift til Eyvind Fjeld Halvorsen 4. mai 1992. Red. F. Hødnebø et. al. Oslo.
Krogmann, Willy. 1971. Mittelniederdeutsche Literatur. I Kurzer Grundriss der
germanischen Philologie bis 1500. Red. L.E. Schmitt. Berlin.
Mundal, Else. 1987. Æ standa mér augo/of eld til Gráfeldar:
Ein mansong til Haraldr gráfeldr? I Festskrift til Alfred Jakobsen. Red. J.R. Hagland et. al. Trondheim.
Nordal, Sigurþur. 1954. Tid och kalvskinn. Några anmärkningar om de ekonomiska
förutsättningarna för den fornisländske litteraturen. Scripta Islandica 1954. Norsk omsetjing i Nordal, Sigurþur. 1965. Islandske streiflys. Oslo.
Schöendorf, Kurt Eric. 1981. Nedertysk - dialekter eller sprog? Morgenbladet 3. des.
Seim, Karin Fjellhammer. 1984. Er "Et upåaktet gammelnorsk ord: hausi" belagt på
Bryggen i Bergen? Maal og Minne.
Skard, Sigmund. 1964. Vagantviser. Oslo.


byindex LOGO
byforri LOGO byopp LOGO byneste LOGO