Byen som litterært sentrum

Else Mundal
byindex LOGO

At dei litterære sentra er å finne i byane, er vel noko vi i vår tid går ut frå som sjølvsagt. Men kor nært og naudsynleg samband det er mellom bydanning og litterærte sentra, trur eg det kan vere grunn til å reflektere over. At bydanning i alle høve ikkje kan vere ein naudsynleg føresetnad for framveksten av eit litterært sentrum, får vi ganske klart demonstrert i Norden i mellomalderen ved det faktum at det området som har den høgste litterære aktiviteten, nemleg Island, i motsetning til dei andre nordiske landa fullstendig mangla bydanning i denne perioden.


Kva forstår vi med eit litterært sentrum?

Før vi går vidare, kan det vere grunn til å dvele litt ved kva vi forstår med eit litterært sentrum. For at eit miljø kan peike seg ut som eit litterært sentrum, er det ikkje nok at det finst ei bok eller to på staden og lesekunnige personar. Det er ikkje heilt enkelt å fastslå kva krav som må oppfyllast før vi kan tale om eit litterært sentrum, det kan jo finnast små og store, viktige og mindre viktige litterære sentra, men vi ventar vel at dette skal vere ein stad der skriftleg litteratur av eit visst omfang er tilgjengeleg, dvs. ein stad der det finst bibliotek. Vidare må dette biblioteket vere i bruk, nokon må lese litteraturen. Det må finnast skapande litterær verksemd på staden, dvs. skrivande forfattarar eller omsetjarar. Vi ventar også at det i litterære sentra vert gjeve opplæring i å lese og skrive, dvs. at det vert lagt grunnlag for at den litterære verksemda held fram. Vi ventar også at dette er eit miljø der det kjem litterære impulsar inn og der det går litterære impulsar ut, både til nærmiljøet og til andre litterære sentra.

Kimar til litterære sentra i den munnlege tida

Kva vilkår er det så som må liggje til rette for at det kan vekse fram litter-atur, og i første omgang vil eg ikkje innskrenke omgrepet litteratur til skriftleg litteratur, men ta utgangspunkt i det norrøne samfunnet før vi fekk skriftkulturen. Eit viktig vilkår må vere at samfunnet har ein kultur som etterspør litteratur, dvs. at det i denne kulturen inngår skikkar, seremoniar o.l. der litteratur vert brukt. Mellom skaldedikta frå perioden før vi fekk skriftkulturen, finn vi dikt som er minnekvad, dvs. kvad som er dikta til minne om og for å heidre den døde. Ein annan type litteratur som det finst langt svakare belegg for, men som også har tilknyting til død og gravferd, var gråtekvada, som må ha vore ein kvinneleg genre. Jón Helgason meinte å finne denne genren omtala på ein svensk runestein, Bällsta-innskrifta (Helgason 1944). Termen for denne genren har i tilfelle vore grátr.1

Adam av Bremen nemner der han omtalar den heidne kulten i Uppsala (fjerde bok, kap. 27) at i samband med dyrkinga av gudane vart det framført så utuktige kvad at han ikkje vil gjengje dei. Kva type kvad dette kan ha vore, er vanskeleg å seie. Det er slett ikkje sikkert at dette er kvad av den typen som vi har i dei bevarte gudedikta. Det er vel så truleg at det er tale om den type kvad som vi har i Volsabáttr i Flateyjar-bók. Her kved kvinner heller usømelege kvad over ein hestefallos.

Dei bevarte eddadikta frå den munnlege perioden gjenfortel anten segnhistorie (heltedikta), eller dei gjenfortel mytar og gjev mytologisk kunnskap (gudedikta). Dette er ei tradisjonsbevarande dikting som sikkert også hadde underhaldning som ein sentral funksjon. Skaldedikta kunne også hente emne frå mytologien. Lausavisene, som var frittståande strofer og ikkje del av større kvad, kunne hente emne frå kva område som helst. Men den type dikt som først og fremst sette sitt preg på skaldediktinga, var hyllingskvada til kongar og andre fyrstar.

All den diktinga som her er nemnd, har ikkje som føresetnad at det finst litterære sentra og vil ikkje i seg sjølv skape litterære sentra. Denne diktinga er primært knytt til sider ved kulturen, skikkar, seremoniar o.l. Det kan tenkjast at det i visse miljø eller sosiale lag i samfunnet var meir å finne av slik dikting enn i andre, og det kan også tenkjast at dei menneska som hadde kompetanse til å tradere den eldre diktinga og som sjølve dikta, ikkje var heilt jamt fordelte i alle miljø og lag av folket. Men ei samling av folk med den aktuelle kompetansen - som også vil seie ei samling av tilgang på eldre litteratur i og med at denne låg i minnet - og ei samling av utøvande dikting, vil ein kunne få i den skriftlause tida om vi får ein etterspurnad etter dikting som er så stor at han verkar til å samle folk med den etterspurde kompetansen.

Spørsmålet er så om det i den skriftlause tida fanst litteratur som hadde slike funksjonar at han kunne skape ein etterspurnad som hadde ein samlande effekt. Den litteraturen som var knytt til kult og til religiøse riter som t.d. gravferd, ville neppe gje ein slik effekt. Kulthandlingar og seremoniar ville tene til å halde oppe og ta vare på den litteraturen som vart brukt ved slike høve, og ville tene til å samle folk, men ikkje på permanent basis.

Den typen munnleg dikting som hadde funksjonar som kunne skape ein etterspurnad som ville samle folk med litterær kompetanse på så permanent basis at ein kan snakke om framvekst av litterære miljø i den munnlege tida, er etter dei seinare skriftlege kjeldene å døme den litteraturen som kongar og jarlar etterspurde. Dei samla skaldar rundt seg fordi dei ynskte at skaldane skulle dikte om bedriftene deira. Omsynet til æra og ettermælet var svært viktig i den norrøne kulturen, og for ein konge var det difor svært viktig å få ettermælet forma av sine eigne folk, dvs. av sine eigne skaldar. Skaldane som var med i slaget og dikta om det dei såg og høyrde, hadde fleire funksjonar. Dei var den tidas presse, og dei var den tidas historiografar. Dessutan hadde dei også ein underhaldningsfunksjon i hirda. Underhaldningsfunksjonen til litteraturen, eller til nokre typar munnleg litteratur, var sikkert viktig også i samfunnet elles, men ein sentrumsdannande effekt i den forstand at etterspurnaden etter underhaldning samla folk med kompetanse til å underhalde, skaldar, og eventuelt gode forteljarar, kan vi nok vente å få berre i eit miljø der etterspurnaden etter slike kulturelle goder var stor, og der det fanst nokon som ville bruke ressursar på slike tenester. Også i forhold til denne funksjonen er det vel krinsen kring kongar og jarlar som peikar seg ut som eit miljø som kunne ha ein samlande effekt. At kongar og fyrstar såg det som viktig å skaffe underhaldning i hirda, kan vi sjå av eit så gamalt skaldedikt som Haraldskvædi av skalden Þórbjørn hornklofi. I diktet skildrar han livet i hirda til kong Harald hårfagre, og her får vi vite at kongen også har gjøglarar i hirda, noko skalden, som representerte den høgverdige og seriøse underhaldninga, forresten sette liten pris på.

Men om hirda kring kongar og jarlar i den munnlege tida vart eit litterært sentrum, så var dette eit bevegeleg sentrum som var der fyrsten var. Vi ser likevel at alt i den munnlege tida ligg det i miljøet kring hirda kimen til noko som kan verte eit geografisk plassert litterært sentrum den dagen kongen slår seg ned og tek fast opphald ein stad. Då den dagen kom, veit vi at kongane slo seg ned i byar. Vi kan seie at den litteraturen som har rot i den munnlege tida og i den førkristne kulturen flyttar til byen med ein institusjon, kongen.


Kyrkja og framveksten av litterære sentra

kart For den typen litteratur som kongar og fyrstar hadde spesiell interesse i, skaldedikting som kunne fremje deira interesser og auke æra deira, og for litteraturen som primært hadde ein underhaldningsfunksjon, representerte religionsskiftet ikkje noko brot. Det gjorde religionsskiftet derimot for dikting som var nær knytt til heiden kult og religiøse riter. Her har vi i den grad eit brot at det knapt nok er overlevert så mykje av slik dikting at vi kan danne oss eit bilete av korleis denne diktinga såg ut.

Men med den nye religionen, kristendomen, kom nye behov for litteratur. I følgje dei seinare skriftlege kjeldene hadde dei norske misjonskongane med seg utanlandske prestar som hadde fått utdanninga si i utlandet. Dei var sjølvsagt kjende med skriftleg litteratur. Den utdanning som i den første kristne tida vart gjeven til dei første innanlandske prestane, har nok bestått i at biskopen lærte dei unge prestane akkurat det dei måtte vite for å utføre gjerninga si. Men i kva grad både utdanninga og den kyrkjelege forkynninga i den eldste kristne tida hadde bruk av skriftlege tekster som ein føresetnad, er noko vi veit svært lite om. Men noko innført litteratur er det rimeleg å tenkje seg at det fanst alt i misjonstida. Alt frå første stund må behovet for i det minste liturgiske tekster for bruk i gudstenesta ha vore til stades, og brotstykke av latinspråklege liturgiske tekster - sannsynlegvis innførte - finst alt frå siste halvdel av 1000-talet (sjå Gjerløw 1970). Behovet for slike tekster fanst over alt der det fanst kyrkjer og prestar, og innanlands opplæring vart vel i den første kristne tida gjeven der biskopane til ei kvar tid var. Ein litterær sentrumsdannande effekt ville den unge kyrkja sitt behov for tekster til bruk i forkynning og gudsteneste og til bruk i opplæringa få på det tidspunktet opplæringa kom inn i fastare former og vi fekk skular, og arbeidet med å setje om religiøse tekster til folkespråket vart sett i gang. Slikt arbeid har som føresetnad at institusjonen får ein fast tilhaldsstad. På det tidspunktet det vart naturleg å prioritere dette arbeidet, kunne omsynet til dette arbeidet påskunde etableringa av dei faste bispeseta.


Skriftkulturen og materielle føresetnader

kart Ein føresetnad for at vi kan få det vi kan definere som eit litterært sentrum, er at vi får skriftkultur. I den skriftlause tida var litterær verksemd lite stadbunden. Skalden eller forteljaren bar med seg det litterære repertoaret sitt i minnet, og for den skapande litterære verksemda var han ikkje avhengig av anna enn sine eigne evner. Dette vert annleis når vi kjem inn i den skriftlege tida. Mange forhold som er knytte til skriftleg litteratur, måtte verke til at denne verksemda vart stadbunden. Medan skalden t.d. ikke hadde ei formell utdanning, men hadde lært av andre skaldar, vart forfattarverksemd i den skriftlege tida avhengig av at det vart gjeve utdanning. Denne utdanninga vart helst gjeven av institusjonar som kyrkje og kloster. På Island har vi også verdslege lærdomssenter eller skular. Den litterære produksjonen, anten han går føre seg på den same staden der den litterære utdanninga vert gjeven, eller ein annan stad, krev pergament og blekk, bibliotek og arbeidsstad.

Den islandske forskaren Sigurdur Nordal drøfta føresetnadene for den litterære framveksten på Island i ein artikkel som han gav tittelen "Tid och kalvskinn" (Nordal 1954). Det han meinte å uttrykkje med tittelen, var at dei viktigaste føresetnadene for den litterære framveksten nettopp var tid og kalvskinn. I dette ligg det igjen at materielle ressursar, dvs. rikeleg tilgang på kalvskinn, og frigjort tid er ein føresetnad for litterær verksemd. Sjølv om tittelen nok er å oppfatte som ei spissformulering, kan det neppe vere tvil om at Nordal her fokuserer på noko som representerer ein viktig skilnad mellom munnleg og skriftleg kultur. Den skriftlege litterære verksemda vert langt meir avhengig av tilgang på materielle ressursar enn den munnlege. Tid er i denne samanhengen for så vidt også ein materiell ressurs, for det Nordal siktar til med faktoren tid, er ikkje først og fremst den gamle romantsiske forklaringa med dei lange mørke vinterkveldane då aristokratiske islandske bønder ikkje hadde anna å gjere enn å fortelje kvarandre soger og seie fram kvad, medan kvinner og trælar gjorde det arbeidet som skulle gjerast. Når Nordal talar om tid som ein naudsynleg føresetnad for litterær verksemd, så tenkjer han på eit samfunn med ein struktur som er slik at grupper av menneske ikkje er avhengige av sitt eige kroppsarbeid for å skaffe seg det daglege brød og som dermed hadde frigjort tid for andre syslar. Dei som hadde rikeleg kalvskinn, var i utgangspunktet sjølvsagt storbønder og hovdingar med stor buskap på eigen gard og som gjerne også hadde jordleigeinntekter frå leiglendingar, dessutan institusjonar som kyrkje og kloster, og utanfor Island sjølvsagt også kongemakta. Slike institusjonar kunne få inn skinn direkte i avgifter eller skattar, eller dei kunne kjøpe det dei trong for å lage pergament. Det er også i slike krinsar ein finn folk med frigjort tid. Dei rikaste og mektigaste bøndene behøvde ikkje sjølve ta del i gardsarbeidet i større grad. I klostera og t.d. i tilknyting til bispestolane ville ein finne folk med frigjort tid til litterært arbeid, og det same ville ein finne i krinsen rundt kongen. Skriftleg litterær verksemd synest altså å ha som føresetnad ein differensiert samfunnsstruktur, eller i alle fall vil ein samfunnsstruktur som er slik at vi på visse stader eller i visse samfunnsgrupper får konsentrasjonar av rikdom og frigjort tid verke sterkt fremjande på litterær verksemd fordi den skriftlege litterære verksemda er ressurskrevjande på ein heilt annan måte enn den munnlege. Det er kanskje ingen direkte samanheng mellom denne føresetnaden for framveksten av litterær verksemd og bydanning. Føresetnaden er direkte knytt til framveksten av ein overklasse og til institusjonar, og som dømet med Island viser, kan ei stor nok differensiering i samfunnet til å frigjere nok tid og ressursar for litterær verksemd skje utan by-danning. Men bydanning er på den andre sida noko som har nøye samanheng med utviklinga av ein differensiert samfunnsstruktur.


Kyrkje og kongemakt favoriserte byane som litterære sentra

kart Når vi kan rekne med at byane i mellomalderen vart litterære sentra, eller kanskje rettare: potensielle litterære sentra, så er det altså fordi institusjonar som har behov for litteratur, tek opphald i byen, kongen, biskopen og etter kvart kloster, som i mange tilfelle, men slett ikkje alltid, vart grunnlagde i eller like i utkanten av ein by. Det er altså ikkje eit direkte samband mellom by og litterært sentrum. Det er institusjonar som fortrinnsvis slo seg ned i byar, der byar fanst, som la det første grunnlaget for at byen vart litterært sentrum. Som dømet med Island viser, kunne også litterære sentra vekse opp rundt desse institusjonane sjølv om dei ikkje låg i byar. Begge dei islandske bispestolane, Skálholt og Hólar, var det vi kan kalle landsens storgardar, og der var ein betydeleg litterær aktivitet. Av dei islandske klostera er det klosteret på Þingeyrar som er best kjent for den litterære aktiviteten. I europeisk, også i nordisk og norsk samanheng, var dette eit lite kloster som låg på den islandske gresgrente landsbygda, og hadde heller ikkje særleg nær geografisk tilknyting til nokon av bispestolane. Den litterære produksjonan av originale litterære verk var likevel - om vi byggjer på det vi har overlevert eller kjenner til - høgre enn den originale litterære produksjonen i samtlege norske byar i mellomalderen. Dette er sjølvsagt eit forhold som viser at bydanning ikkje er ein naudsynleg føresetnad for at vi får framvekst av litterære sentra.

Men når det er sagt, er det likevel opplagt at ein skulle vente at framveksten av litterære sentra låg betre til rette i byane enn andre stader. Grunnen til det er at i byane fekk ein gjerne ei samling av dei institusjonar og miljø som kvar for seg kunne innehalde kimen til eit litterært sentrum.

kart Om ein tek Bergen som døme, så vart byen bispesete då biskopen på Vestlandet fekk fast residens. I motsetning til bispeseta på Island så ville det rundt dei bispeseta som låg i byar, finnast fleire kyrkjer. Det samla talet på geistlege i ein mellomalderby som Bergen med alle dei kyrkjer som var der, måtte vere betydeleg. Bergen vart den byen i landet som hadde dei fleste kyrkjer i mellomalderen, og byen fekk også 5 kloster (sjå Helle 1982: 134 ff.og 570 ff.). I klostera skulle ein vente at forholda i særleg grad låg til rette for litterær verksemd. Rett nok var det visse skilnader på kor stor vekt dei ulike ordenane la på lærdom og litterært arbeid, men om ein tenkjer på dei faktorane Sigurdur Nordal såg som grunnleggjande for framveksten av skriftleg litteratur, tid og kalvskinn, så var det vel nettopp i klostera ein fann det største potensialet for litterær produksjon.

Det var først og fremst dei geistlege som hadde den utdanning som ville setje nokon i stand til å drive litterær verksemd anten det no galt avskriving, omsetjing eller original forfattarverksmd. I ein relativt stor by med mange geistlege ville det altså finnast eit stort rekrutteringsgrunnlag for menneske som kunne arbeide med litteratur på ymse måtar. Ved dei viktigaste kyrkjelege sentra ville ein truleg finne for-holdsvis flest geistlege med god utdanning. Normalt ville nok ein erkebispestol ha eit større potensiale for å verte eit senter for litterær verksemd enn ein bispestol. Frå om lag det tidspunktet då erkebispestolen i Nidaros vart oppretta, eller frå tida like etter, skriv dei seg dei eldste norske fragmenta av tekster på folkespråket. Desse fragmenta har trøndsk språkform, og dei inneheld legendetekster.2 Det er sjølvsagt freistande å tenkje seg nettopp erkebispestolen som eit senter for omsetjing av religiøse tekster som så vart distribuerte til bispestolane og vidare utover i bispedøma. Men om det nok fanst ein gjennomsnittleg høgre kompetanse mellom dei geistlege ved ein erkebispestol, og om miljøet rundt erkebispestolen kanskje kjende eit spesielt ansvar for å gjere litteratur som kyrkja hadde bruk for, tilgjengeleg, så er det truleg at ein by som Bergen, etter kvart som byen voks seg stor, totalt sett fekk den største konsentrasjonen av godt utdanna folk i landet. Her fanst sjølvsagt ein katedralskule knytt til Domkyrkja, men det fanst også ein skule ved Apostelkyrkja, som var kongeleg kapell. Dessutan gav klostera undervisning, i alle fall dominikanarklosteret og fransiskanarklosteret. Undervisning på universitetsnivå måtte ein til utlandet for å få. Men i norske kjelder frå mellomalderen møter vi ikkje så reint få personar som smykkar seg med titlar som viser at dei har universitetsutdanning, dvs. frå utlandet. Dei lærdomssentra eller litterære sentra som fanst i Noreg, har kunna styrke sin eigen kompetanse anten ved å sende dei mest lovande elevane til utlandet for vidare utdanning, eller dei kunne dra til seg kompetanse frå utlandet.

Som nemnt voks det fram eit litterært sentrum rundt kongen alt i den munnlege tida. I den skriftlege tida vart potensialet for eit litterært sentrum rundt kongen endå større, for kongemakta tok både skriftkulturen og litteraturen i bruk som eit middel for å fremje sine interesser.

Den verdslege styringsmakta tok tidleg skrifta i bruk for å skrive ned lovene. Kjeldene gjev ulike opplysningar om når det skjedde, men det har ganske sikkert skjedd så tidleg som på 1000-talet. Hirdskaldinstitusjonen frå den munnlege tida heldt fram i den skriftlege, men hirdskalden fekk som kongeleg historiograf etter kvart ein konkurrent i kongekrønike- eller kongesogeforfattaren, som overtok mykje av hirdskalden sin funksjon. Karl Jónsson skreiv etter oppdrag frå kong Sverre, Sturla Þórdarson skreiv også på kongeleg oppdrag, om Snorri Sturluson gjordet det, veit vi ikkje så sikkert, men det er ganske sannsynleg. Eit svært klart døme på at kongemakta tok litteraturen i bruk for å fremje sine politiske interesser har vi i det vesle skriftet som vert kalla Ein tale mot bispane.

Som vi har vore inne på, hadde litteraturen som vart dyrka i hirda i den munnlege tida, også ein underhaldningsfunksjon. Omsynet til denne funksjonen var sikkert viktig då krinsar kring det norske hoffet gjekk i gang med å omsetje europeisk riddardikting til norrønt mål i 1220-åra. Ein annan grunn til at denne litteraturen vart omsett, var sjølvsagt at dette var litteraturen til den europeiske overklassa som det norske kongehuset og krinsane kring kongehuset ynskte å identifisere seg med.

Kongshirda var eit litterært sentrum så langt tilbake vi kan følgje historia og så lenge vi hadde eit norsk kongehus. Kongane av Sverre-ætta viste nok i særleg grad interesse for litteratur. Frå slutten av 1100-talet og utover er det grunnlag for å seie at hirda eller hoffet var eit særleg viktig litterært sentrum. I det meste av denne tida hadde kongen Bergen som residensby, og det er klart at i den perioden Bergen hadde bispestol, langt fleire kyrkjer enn nokon annan by og dermed den største konsentrasjonen av geistlege i landet, minst like mange kloster som erkebispestaden Nidaros, fleire skular enn nokon annan by og dertil eit litterært interessert hoff, hadde Bergen eit større potensiale for å verte eit litterært sentrum enn nokon annan by i landet. Eg skal ikkje her gå inn på dei einskilde verka som vi reknar med vart skrivne i Bergen i denne perioden, men halde meg til meir prinsipielle synsmåtar. Eit oversyn over den litteraturen vi meiner å kunne knyte til det litterære miljøet i Bergen finst i avsnittet "Et sentrum for kultur" i bind I av Bergen bys historie av Knut Helle (Helle 1982).

Vi har sett at til dei litterære sentra som voks fram i norske byar, kom det litterære impulsar inn utanfrå fordi dei institusjonar som var berarar av det litterære livet, hadde kontaktar ute. Dei første prestane var utlendingar, og seinare var det nær kontakt mellom den norske kyrkja og utanlandske lærdomssentra ved at nordmenn fekk utdanning i utlandet og utlendingar vart henta inn. Klostera hadde nær kontakt med kloster i utlandet, og fram til erkebispestolen vart oppretta i Nidaros, låg den norske kyrkja under ein erkebispestol i utlandet, først Bremen og seinare i ein relativt kort periode Lund. Den religiøse litteraturen kom frå kyrkjelege sentra i utlandet. I det heile sikra den overnasjonale karakteren til den katolske kyrkja at det kom litterære impulsar inn til dei kyrkjelege sentra som voks fram i norske byar.

Krinsen kring den norske kongen var nok ikkje opphavleg eit kulturelt sentrum som formidla litterære impulsar frå det europeiske kontinentet. Men eit sentrum som tok mot sterke impulsar utanfrå var det likevel alt i den munnlege tida sidan kontakten mellom Island og den norske hirda var svært nær. Fleirtalet av hirdskaldane vart etter kvart islandske, og seinare henta norske kongar inn islendingar for å skrive sogene sine. På 1200-talet vart hoffet, som no var i Bergen, eit senter for formidling av europeisk litteratur.

(fortsetter)


byindex LOGO
byforri LOGO byopp LOGO byneste LOGO